Brunnpissing eller …?

…skiting i eige reir?
Som kjend har me ein fylkesmann med trong for å dukka opp i media med jamne mellomrom. Han balanserer på ei sylkvass grense mellom sitt ombod og politikk, såpass må kunna seiast.
Sjølv hadde eg tenkt å roa ned mine politiske sider, men det er ei sak som kveikjer meir enn andre, og det er arbeidet med å dela landet opp i regionar. Slik eg tolker det, og er heilt einig i, skal dei nye regionane utgjera sterkare og meir bærekraftige einingar, vera ei røyst i byggjinga av nasjonen.
No hadde tre vestlandsfylke, Rogaland, Hordaland Sogn og Fjordane nett vorte einige om å prøva seg på ei samling til ein eigen region. Då er det at fylkesmannen kjem på banen og seier at det berre er realistisk at to av fylka, Hordaland og Sogn og Fjordane kan verta samanslegne. Kor har han det frå? Er det Sanneren som har kviskra han noko i øyret?
 Kvifor?? Jau, sjølvsagt fordi ein region av dei tre fylka med over 1 mill innbyggjarar vert for sterk i høve til Osloregionen. Men har nokon sagt noko om at Osloregionen har vorte for stor og sterk, og at det må gjerast noko med storleiken der?
Heile kystregionen i Noreg frå Sørlandet til russegrensa er verdiskaparen i landet vårt. Her fins den mekaniske industrien, fiskeria,  olje – og oppdrettsnæringa. Verdiane vert skapte langs kystlina, og dei vert forvalta av papirflyttarar i Osloregionen?Skal det fortsett vera slik, eller skal me få eit ord med i laget når prioriteringsdebatten er på bordet.
Skal med framleis sitja med hjarta i halsen når me skal køyra frå Bergen til Voss, eller når sogningane skal senda ungane på skulen på rasfårlege vegar?Skal me fortsett sitja på tog som brukar same tid på å koma seg til Oslo i dag som for 50 år sidan?Planar for forkorting av denne reisetida ligg under så tjukke støvlag at dei snart ikkje er attfinnanes. Et det ingen som skjems?
Ei anna side ved dette er at når me sender våre politikarar til løvehola i Oslo er dei inne i oslofalden etter ein månads tid, og då ser me dei stort sett kvart fjerde år på stemmesanking til neste val.
 Skam dykk!
Så attende til brunnpissaren. I staden for å avmagra regiontanken burde Sponheim gå inn for den store, livskraftige vestlandsregionen som kan utgjera ei kraftfull røyst når prioriteringar og tildelingar står på programmet.
Noreg er meir enn Osloregionen/Austlandsregionen og det bør kome til synes i politikken etter kvart. Storbritannia og USA har nett erfart kva som skjer når dei styrande ikkje lenger skjøner seg på dei som vert styrd.
13.11.2016.M-m

6 kommentarer
    1. fruensvilje: Ja, akkurat dette engasjerer med sterkt. Vi må få mer kraft tilbake til regionene. Derfor må regionene bli større og sterkere. Å bli vitne til en Sponheim som vil redusere maktpotensialet i den påtenkte regionen vår føltes som et svik….Nå prøvde Sponheim å ro seg i land i etterhånd, men bare å fremme et slikt synspunkt underbygger mistanken om at her finnes minst en skjult agenda!
      Ha en fin dag…

    2. Enig i mye av dette!! Jeg bor jo på Østlandet, men jeg har da kjørt på vestlandsveier og ser, blant annet, at jeg er godt vant når jeg kjører på hovedveiene her i distriktet. “ALT” skal ikke styres av mektige menn (og kvinner) i Oslo! Svært mange av dages topppolitikere har ikke vært så mye ute i det vanlige arbeidslivet. Det er en svakhet. Vi får en slags “Åndselite” som ikke har oppholdt seg særlig mye på grasrotplan. Jeg tror det foregår mye maktkamp i kulissene som langt fra er “Bærre lækkert” – og de nye politikerne fra distriktene må raskt få lære seg hvordan de holder seg inne med de “rette” folkene. Så glemmer kua tilsynelatende at den har vært kalv Jeg må nok innrømme at jeg er litt bevisstløs forhold til å følge med på det som rører seg i politikken og i verden. Man kan kanskje kalle meg lite samfunnsengasjert, men jeg mener at jeg likevel er det på – på min måte!

    3. karidansen: Jeg tviler ikke, for du er en engasjert dame. Vi kan sikkert være enige om at “noe” skurrer i det politiske landskapet…Politikerne blir veldig fort utsatt for konformitet når de kommer på “tinget”, og man kan knapt kjenne dem igjen…Det snakkes mye om distrikt og distrikts-politikk, men i “folden” er det sentralisering som er tema, og da blir det slik.
      Jeg blir mer og mer bekymret over forskjellen mellom de som styrer og de som styres.

    4. Det er vanskeleg å spå; spesielt om framtida. Ein må nok ha både krystallkule og svartebok for å finne ut korleis det skal bli. Kanskje Sponheimen ser problema det oljetunge Rogaland har framfor seg. Hovudaktiviteten blir kanskje hogging av gamle plattformer og opprydding etter dei rike åra., og det gjev vel lite inntekter. Dersom MDG får tvinga gjennom sine tankar, då har me meir enn nok vegar. Sykkelen treng ikkje så mykje rom. Her i Oslo tek dei no parkeringa langs gatene til sykkelstiar. Lakseoppdrett skal bringe ny rikdom til landet, men no held lakselusa på ta livet av både laksen og næringa. Her i Oslo produserar me ingenting, men folketalet veks i rekordfart, og eit enkelt husvære kostar fleire millionar.
      Problema du omtalar krev alle pengar for å bli løyst. Eg som trudde me hadde pengar til både det eine og andre, forstår no at oljefondet er snaut nok til pensjon nokre få år framover.
      Hadde eg berre visst kven eg skal stemme på ved neste val.

    5. Pedro: Ja, den som visste noko om kven som fortener stemma vår…Men det er vel eigentleg der problemet ligg. Avstanden mellom den heilage skaren på tinget og oss er for stor…Me skjøner ikkje kva dei eigentleg vil seia oss og ikkje er dei å lita på heller. Når no til og med Frp godkjenner det eine bompengeprosjektet etter det andre og MDG legg ned kongstanken om eit bilfritt Oslo sentrum – ja då må det være lite ballar att i styringsverket….
      Eg får seia som Ari.:”Trist som faen.”

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg