Gubbesjuke…


Google

Gubbesjuka?

Det kom så umerkjeleg inn over gubben,
fyrst ei snikjande kløe i halsen.
Brått var han i influensaklubben,
med snørr og tårer og heile valsen.

Varm og kald og gruggen i målet,
Dette var sykje av verste slaget.
No kjendes som han var heilt på stålet,
laut kontakte ei som kjende helsefaget.

Kjerringa kom med toddy og pleie
han klaga litt ekstra då hjelpa kom.
Mål feberen, høyrde han henne seie.
No skulle han få ein målbar dom.

Ja, så skulle ho berre få sjå,
at no var han vorten sjuk som få.
Han laut halde senga med godt stell
med solbærtoddy frå morgon til kveld

Men kva synte den elendige gradestokken?
Berre å få på buksa og sokken.
Jau, tykjen viste trettisju komma tre
ikkje mykje å halda senga for det.

Så no er han komen opp i ein stol,
opp frå sitt gode sengebol.
Det hersens termometeret sende han fram
så no får han friskna til med ein dram.
11.11.2016.M-m.


Google

10 kommentarer
    1. ..haha..godt med litt humor selv når en ikke er i toppform 🙂 Men 37,3 det er vel øøøørlittegran feber, så håper kona steller litt med deg allikevel 🙂 God helg og god bedring :))

    2. Det har vore stilt frå vest ei stund, og no skjønar eg kvifor. Lekamen har vore vesal nokre dagar, men ånda er levande. Seks vers frå sjukesenga tyder på at du er i god betring. No har du vel ikkje fått akevitt i hus enno, så du får prøva med ein karsk. God helg i alle fall!

    3. Pedro:Ja, der minna du meg på at eg har litt gamal HB i huset. Kanskje det er rette medisinen for gubben.
      Med ondt skal ondt fordrives heiter det visst…
      God helg i staden…

    4. Dette kjenner eg meg verkeleg igjen i. Det har hendt at eg kjenner meg så veldig sjuk, lurer meg ut på badet og måler tempen. Resultatet? 36.6 eller mindre. Eg seier Ikkje eit ord om at eg har målt feberen, det er pinleg å vedgå at ein går rundt og måler, når ein ikkje kan varte opp med eit skikkeleg høgt tal. Hadde tempen derimot vore opp mot 38, då kan ein gå med subbande steg til sofaen og med svak røyst fått fram at litt mat og drykk hadde gjort seg, medan ein forsikrar at ein eigentleg ikkje har matlyst.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg