Ein heimelaga krangel…


Google

Ein heimelaga krangel?

Har du vore i butikken, på superen??Har du sett det?… Har du kjøpt det?..,
Eg tenkjer sjølvsagt på det heimelaga syltetøyet som er tilverka i dei store fabrikkane til Orkla.
Syltetøyet er godt det, det skal dei ha, men han Rimi-Hagen må ha eit stort kjøkken når han kan ta på seg å halda titusenvis av jordberhungrige nordmenn med heimelaga syltetøy.
Mattilsynet som lurer på så mykje, har no teke til å lura på kor heimelaga syltetøyet til Hagen er. Er det noko å lura på då?
Det er berre å ta seg ein tur opp i Holmekollåsen og forsikra seg om at Hagen og butlaren hans står og sveittar ved jordbærpannene.
Kanskje dei allerede har vore oppom ein tur og funne produksjonen i full gong, for dei tillet fyrst at Hagen skulle få kalla syltetøyet sitt heimelaga.  Men så brått trekte dei løyvet attende. Dei hadde gjerne vore innom feil kjøkken på synfaringa si. Nei, det er ikkje enkelt å finna fram der oppe i åsen.
No er visst mattilsynet inne i ei vurdering om dette syltetøyet til Hagen er heimelaga eller ikkje. Men hallo, kan dette vera så vanskeleg då?. Dersom Hagen har produsert syltetøyet på kjøkenet sitt så er det heimelaga, er det produsert i ein fabrikkhall er det masseprodusert?
Er det nokon som har tungt for det???

5 kommentarer
    1. he he ,nei du har rett dette burde være et enkelt reknestykke ,men du hvet noen skal ha sin lønning og da gjelder det å finne arbeid til dem også hi hi

    2. annebe: Neida, syltetøyet er godt det, men krangelen, som gikk for et par år siden, om det kunne kalles hjemmelaget eller ikke, syntes jeg var litt morsom. Ellers er det vel grenser for hva mattilsynet skal bruke sine ressurser på.
      Ha en fin kveld.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg