Oktoberhymne 2016

Denne månaden har vore hektisk med hushandlar, flytting osv osv…Det har difor vorte lite tid til å fylgja med kva som hender rundt gubben. De veit, dette med alder, to tankar i hovudet samstundes og tid til å bruka dei få tankane som sviv ein er stort sett forbehalde politikarane våre. Ein gamal gubbe får fordela tankeressursane så godt han kan, og det er ikkje alltid rare greiene.
Ho Trine greidde i alle høve å få stengd flyplassen på Rygge, og med det markert starten på “det grøne skiftet”. Skit i dei 5 – 600 arbeidsplassane som rauk med i same skiftet…No får me berre venta på nye glupe budsjettinnfall avla av nattevaking og koffeinrus når budsjettet no skal snikrast saman.

Google.
Ja, så har vesle Færøyane teke oss att på den internasjonale rankinglista over verdas forballag. Det bør vel snart vera på tid å få tak i trenaren til dette vesle landet.
Elles registrerer eg at Sponheimen tykkjer at fylkesmannombodet vert for stusseleg til tider, så no vil ha visst utvida styringsområdet sitt. Måtte gud forby!
Forresten var det visst berre Sogn og Fjordane han ville ha tak i. Siddisane våga han seg visst ikkje på…For å bruka hans eigne ord.: Han hadde vel ikkje ballar til å gje seg i kast med dei…
Måtte november by på meir morro…

Oktober 2016.

Cecilie har vore i ringen att
i landet si største stove.
Tre minuttar, og  motstandaren datt,
og det var ikkje nett for å sove.
Ministrar bivåna den korte seansen
då Cecilie tok i mot sigerskransen.

Har de høyrt om det grøne skiftet,
politikkens nye moteord.
Då Erna og Siv ein budsjettflik «lyfte»
kom lite avgifter på deira bord.
Rasmus han rista på okslene sine,
ynskte  regjeringa gjekk på ei mine.

Så greidde me det som ikkje skal gå an.
nokre fotballkampar må, og skal me vinna.
Men tapet kom mot Azerbadjan,
og årsaka var såre enkel å finna.
Når bana er elendig og domaren likeså
lyt stjernelaget tapa, det lyt me forstå.

Høgmo skal ha vår store takk.
Han har gjort øya i vest betre enn oss.
30 landskampar, og laget vårt ligg brakk
me ramlar ned listene som ein foss.
Nei, no lyt fotballforbundet på banen
og innlemma færøytrenaren i trenarklanen.

Nei Sponheim, du skal ikkje få fred.
Du er ein kar som tek rikeleg med plass.
No vil du leggja sognefylkesmannen ned,
men då går vel vestlandsregionen i dass.
Du føl vel opp Sverdrup sitt gamle befal.:
«All makt i denne sal»!

Oktoberhymnet vart heller kort,
det vart for travelt for gubben.
Pakking og flytting tok dagane fort
så hymnet vart berre korte stubben.
Men den får du ta, avgiftskåte Trine,
Rygge tapte dei 500 arbeidsplassane sine.
31.10.2016.M-m.

 

4 kommentarer
    1. fruensvilje: Hei. Kjekt å kunne informere om uvesentlighetene jeg har en tendens til å henge meg opp i. Nå som det dårlige høstværet har slått til blir det bedre tid til tankeflukten rundt raritetene rundt oss. Nå gjenstår bare mindre arbeider før flyttingen er tilendebragt.
      Ha en fin dag…

    2. Der var oktober historie, og du fekk festa nokre av hendingane på papiret. Framstillinga god som vanleg, og heldigvis kom dei fleste av oss frå denne månaden nokolunde uskadde. Fotballfolket får trøyste seg med at me slo Tyskland i OL i Berlin i 1936. Elles kan vel ikkje pensjonistane klage, statistikken syner at me har hatt ein eventyrleg lønsvekst sett over nokre år.
      Ha ein fin haustdag!

    3. Pedro: Nei, appanasjen er det ingenting å seia på, men om ho Trine og han Knut Arild får gå laus nokre år til kan me ha litt av kvart å frykte. Etter han Knut fekk ungar fekk ha det ekstra travelt med å auka kontantstøtta. Du skal ikkje sjå bort frå at det er me gamle som lyt finanisiera det gildet. Men, som sagt, førebels klagar me ikkje.
      Etter at ho fekk lagd ned Rygge er eg spent på kva arbeidsplassar ho Trine vil gje seg i kast med under denne budsjetthandsaminga.
      Førebu deg på hauststormen Pedro, men ha ein god dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg