Så sit me der…

i dopingklisteret saman med store delar av langrennsverda.

Google. Eit bilete eg aldri trudde at eg skulle få sjå.

Og eg som trudde (eller kanskje vona) at norske utøvarar og støtteressurser skulle kunne vera gode eksempel på at ein skal kunna greia å hevda seg i idrotten utan hjelp av kjemikaliar!
Fyrst syner det seg at ein stor del av langrennseliten plagest med astma og tek astamamedisin både på lovleg og ulovleg vis. På toppen av dette er det også, i den norske langrennseliten gjort prøving med same medisinen på friske utøvarar. Me er i ei gråsone seier nokon. Nei, dette er, etter mi meinig over gråsona og langt på veg inn i dopverda.
Så kjem sjokket over alle sjokk. Gromjenta Therese Johaug må grinande vedgå for heile skiverda at ho har fått i seg stoff som står på forbodslista. Ho har fått ein salve som skal lekja såre lepper. Trass i at innpakninga har klårt varsel om at salven er dop vert det smurd på, og vips – Therese er teken i doping.
No ventar det henne ein uviss dom som i verste fall kan øydeleggja karriera hennar.
Me vil så gjerne tru at Therese snakkar sant når ho seier at ho spurde lekjaren som gav henne salven, og som bekrefta at denne var ufarleg. Me vil også så gjerne at “god tru”-prinsippet kunne gjelda her, og at det er støtteapparatet som lyt ta straffa for denne tabben. Men slik er det ikkje. Objektivt ansvar betyr at Therese sjølv har ansvar for medisinske vurderingar i førekant av eige medisininntak, så ho får sannsynlegvis ein dom.
Ein annan ting er at ho må rekna med å møta både vondord og negative haldningar i konkurransemiljøet når ho kjem attende, dersom ho gjer det då…
Kva så med dei som har ansvar for utøvarane – støtteapparatet? Det må då kvila eit tungt ansvar på dei som utviklar rutiner og system for at idrotten skal fungera etter lov og regelverk, eit system som påviseleg ikkje fungerer som det skal.
For meg vert det då litt for lettvint å seia, som dei gjer.: “Eg tek ansvar og vert sitjande”. For å reisa tillit til norsk langrennssport trur eg at omverda, både innalands og sørafor Sinsenkrossen bør få sjå nokre nye andlet til vinteren.
Eg vonar sjølvsagt også å få sjå Therese der om ein skal tru at ho handla i “god tro”, som det heiter…men ho har ein tung vei å gå.
La meg til sist seia at eg framleis trur at den norske langrennseliten består av kvinner og menn som har gode verdiar, og eg voner inderleg at dei greier å attreisa omdømet til den norskeskisporten som no har fått ein alvorleg knekk…

6 kommentarer
    1. Det vart stilt i kommentarfelta no. Ingen veit vel heilt kva dei meinar om dette. Vi har dulla oss inn i ei verd der nordmennene er dei “reine”. Mest som i 1940, vi var nøytrale og ingen krig kunne ramma oss. Med vårt støtteapparat og alle bakmennene som skal passa på, der har eit eller anna klikka. Vårt nasjonale rykte har fått ei skramme som det vil ta år å rette opp att.
      Eg forstår at konjakkflaska no er tom, og då får du finna noko anna, kanskje Hansabrus. I alle fall ha ein god dag før haustveret set inn.

    2. Pedro: Ja, den gode gamle Perlebrusen er djupt sakna, får nøya oss med colaskvipet om me ikkje skal slå til med drikke frå saftbygda.
      Eg registrerte også tomme kommentarfelt, og det veit eg ikkje heilt om eg likar. Sjølv er eg av den meininga at det framleis sit for mange som tek for lett på bruken av prestasjonsfremjande stoff, og når dei gjev friske folk astmamedisin for å halda luftvegane opne på kunstig vis, er grensa passert med god margin.Men no byrjer eg å lura på om ikke hensikta (å oppnå eit toppresultat) heilaggjer middelet.
      Stakkars Johaug, om me skal tru på henne, er då tydelegvis offer for eit sløvt støtteapparat.
      Nei, her trengs det ei opprydding…

    3. Storm i et vannglass, vil jeg si….Hvor stor effekt hadde den mengden hun har fått i seg? Ingen sier noe om det, bare hauser skandalen opp til det overdimensjonerte…….. Hun har gjort noe hun ikke burde ha gjort: bruka kremen uten å sjekke……Utilgivelig! Hvorfor brukte hun kremen? Ikke for å bli god på ski, men for å lege ei fæl leppe……..Ikke rom for feil, men det er rom for å sable henne ned, og kanskje knekke henne fullstendig………

    4. Anonym: Ja, slik har det dessverre blitt. Der er ikke rom for feiltakelser, det sørger regelen om objektivt ansvar for…De menneskelige sidene ved slike saker kommer i bakgrunnen, og kan være med å ødelegge lysende karrierer.
      I denne saken må utøveren gå fri. Det må da finnes en “god tro”-regel som kan brukes.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg