Septemberhymne…

Denne månaden har også hatt sine lyse stunder for ein gamal gubbe som likar å setja dobbel strek under løgne ting som hender både i løvehola og andre stader.
Det er artig å fylgja Knut Arild etter at han var med i Pride-paraden. No er han vorten i tvil om han skal gå til sengs med Erna eller med Jonas dei neste fire åra.
Sponheim, han med hønene i løvehola. No er han vorten oppteken av ballar. Jaja, livskrisene kan gjera mykje med folk.
Sist men ikkje minst er det enno ein gong prova at er du ein dårleg sjef er vegen ofte open til større oppgåver – då gjerne i store internasjonale organisasjonar. Nei, eg tenkjer ikkje på Stoltenberg.

Google

September 2016.

Høyrt om Hareides store dilemma,
kva seng skal han leggje seg i?
Mellom Erna og Siv ligg han i klemma,
og Jonas har Audun på si?.
Ja, og så lyt ha retta opp skaden
etter å ha dansa i Prideparaden.

Ja, så er vegstriden i gong att her vest,
om beste vegen over fjellet står striden.
Medan hardingen tykkjer RV 7. er best
vil nordfylket over Hemsedalsiden
Kor skal me den nye vegen staka?
Me får setja Kolbergen på saka.

Ho Erna køyrer EL-lastebil,
men då vakna flyskatt-Trine.
Ho laut vise fram venstres miljøprofil
for dei NOX-trøytte veljarane sine.
Skal det grøne skiftet verta meir enn ord
lyt handlinga ut frå politikkens bord.

Så trampa oljeministeren i klaveret,
Han lyste ut oljefelt i hytt og vær.

Erna skjøna visst ikkje bæret,
for brått sto Trine og Knut Arild der.
Då vart det rabalder i løva sitt palass.
Hadde utvinningssemja gått i dass?

Så er Sponheimen atter på bana,
no saknar han politikarballar.
Kvar mann si høne, han før formana.
Slikt surrer i skallen til halvgamle kallar.
Men vert du for vågal, du veit kva hender.
Kolbergen vaktar høne og lender.

Er du ein sjef som vil opp og fram.
Ja, då lyt du prova di dugløyse fyrst.
Å mislukkast i jobben er inga skam
om du etter toppjobb er tyrst.
Skal du fyrst finna ein annan stol
lyt du sikta på direktørjobb i Interpol.
30.09.2016.M-m.

6 kommentarer
    1. Nå er ikke jeg den som følger så godt med i det politiske livet…MEN : sjøl om jeg ikke har “bakgrunn” til å forstå alt du skriver om, så har jeg veldig moro av å lese skribleriene dine, og (Ikke minst) de finurlige rimene! 😉

    2. karidansen: Takker så mye. Jeg har selv glede av å prøve å få en mening ut av rimene, det er til tider en utfordring. Ellers må jeg returnere komplementet til deg. Dine innlegg blir lest med stor interesse og smil. Du får virkelig fram tankevekkende sider med oss…
      God helg…

    3. fruensvilje: Ja, jeg har det morro med disse små månedshymnene. Kjekt at du liker dem…Det er jo kjekt å nappe “storfolket” i pelsen av og til når de tar for mye Møllers tran..

    4. Her fekk du med deg mange aktuelle saker, og på eit eller anna vis greier du å få til gode rimord. Neste månad trur eg saken alt står i kø. Politikarane våre er truande til litt av kvart; spanande blir det i alle fall.
      Ha ei god helg (med vergudane på di side).

    5. Pedro: Ja, sola skin og gubben har funne godstolen og klokka er 08.00, sånn omtrent. Ja, oktober kan lett verta ein toppmånad når ho avgift-Trine og han Pride-Knut skal prøva å stengja eit par flyplassar til – kanskje. Dei er truande til litt av kvart den gjengen. Eg frys nedetter ruggen allereide.
      Ha ein fin dag utan politske knock-outs…La Cecilie få suga på den karamellen…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg