Augusthymne 2016.

Som vanleg har det vore litt av kvart å ta tak i denne månaden. Været kunne for ha vorte eit emne, men det får vera måte på klaging. Jonas sitt fråvær frå komitear han er medlem av kunne også ha vore med, men dei viktige og udødelege rekk ikkje over alt. Det lyt me ha forståing for.
Derimot flyavgift-Trine si frenetiske pokemonjakt midt i ei stortingshøyring seier oss litt om kor keisamt stortingslivet er i høve til nettspeling…Jaja!

Google…Her sit ho i alle fall i djup konsentrasjon over nettspelet sitt…

August 2016.

Me fekk eit kongeleg skilsmål i stova,
Ari og Martha har gått kvar sin veg:
«Lysfontenen» heldt ikkje det den lova,
Så no var det tida å skilja seg,
Ekteskap i dag renn ofte ut i sanden.
Og eg seier som Ari, «Trist som, fanden».

Så er sumaren på hell
og politikken vaknar til liv.
Du ser dei i TV-ruta kvar kveld
i kvasipolitisk retoriske kiv.
Den politiske andedam er no Arendal.
Her skal han formast, den politiske mal.

Her møtes Knut-Arild, Jonas. Erna og Siv,
Innvandring, økonomi og miljø på plakaten.
Sørlandsbyen fylles  av retorisk liv,
og media nyt den politiske salaten.
Hareiden i Pride, ein underleg dreng.
Han sa seg ikkje klar for Jonas si seng.

Kolbergen er også på farten att,
han skannar politikken tjugefire/sju (24/7).
Regjeringa leier til den svartaste natt.
Gjev Kolberg makta, og alt vil snu.
Borte vert ulikskap, fattigdom og fårer
om me det rette styresettet kårer.

Så har ho Trine prova det att,
to tankar i hovudet er forbehalde kvinna.
Ho takla pokemonspel og forsvarsdebatt.
Du verda som tankane hennar fekk spinna.
Eg er glad eg er ein enkel mann
som er oppteken av forsvar og land.

Så er OL over for denne gong
utan at me såg edelt metall.
Men me høyrer pressa sin klagesong.:
«Me hadde for dårleg deltakarstall».
Sjølvsagt er det stas på toppen av pallen,
Men denne gongen sakna me vinnarskallen.

Høgre vil avskaffa nynorsken min,
av nokon kalla for bondske raut.
No er det bokmålet som er «in»,
Var det nokon som sa dansk graut?
Nei, la oss behalda det Aasenske målet,
og ikkje brenna nynorsken på bålet.
31.08.2016.M-m.

10 kommentarer
    1. At du har ordet i din makt – DET hersker det liten tvil om.Litt “slem” er det lov å være – og verseformen gjør det hele litt ekstra elegant (og “ufarlig”)! Når toppolitikere sitter på tinget og spiller Pokemon – da må de tåle litt harselering……… Jeg har ikke kastet meg på Pokemon – bølgen.Jeg bruker vel tida mi på mye som er unødvendig, men akkurat DET har jeg klart å holde meg unna! Ellers har jeg også fått kommentarer om “grautmål” , men det har dreid seg om dialekta mi – og den er jeg stolt av, sjøl om den ble kåret til landets “Styggeste” i en eller annen “meningsmåling”!

    2. karidansen:Takk! Ja, det er kanskje litt av samme holdning til våre dialekter. Min dialekt er noe som er kalt strilamål, og den var til spott og spe i Bergen tidligere. Heldigvis tar vi mer vare på dialektene våre i disse dager, og jeg tror at vi skal bære våre dialekter med høy fane og stolthet.
      Ellers lar jeg Trine ta seg av pokemonspillet…Ikke noe for meg..

    3. Oldemorbloggen: Takk, eg var litt redd for at hymna mine var utdatert ettersom kommentarane let venta på seg – men no kan eg visst sova roleg i natt også…Ellers veit du, det skjer dumskap og hendingar som kan kommenterast kvar månad, og denne månaden tok Pokemontrine kaka…

    4. fruensvilje:Du er ikkje den fyrste som nevner ordet bok, men det får eg overlata til meir skarpskodde pennar. Ja,, som du seier, det er mykje morosamt å vera vitne til i den politiske verda…og ikkje alle vinklingar politikarane kjem med er heilt gjennomtenkte. Då vert dei lette offer for skarpe pennar….Dei får tola det…Ha ein fin kveld.

    5. Der kom kvadet, og du greier som vanleg å setje fokus på verstingane. Men det må seiast at mange av “hovdingane” våre steller seg lageleg til for hogg. No kjem min favoritmånd, september, ferdig med sumar og feriestress, og velsigna langt unna julestrev. Men eg vonar du har pennen innan rekkevidde denne månaden også.
      Ha ei fin helg anten du sykler, går eller køyrer.

    6. Pedro: Det er godt å få nokre godord frå aust. Eg set stor pris på det…I dag skal eg ta snorkelen på og prøva meg på ein tur utom døra – me er framleis gurglande i tonefallet her vestpå.
      Elles ser eg at Jonas er på signingsferd her vest. Vonar at han har regnfrakk og sydvest med seg!
      God helg under plommetreet…

    7. Siv Svanem: Man gjør så godt man kan, det holder et gammelt hode i sving når man følger med litt, og gjerne “videreforedler” de retoriske krumspringene…Alltid hyggelig med kommentarene dine…
      Ha en fin dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg