Så sægle me…

…på Mjøsa. Det var eit av hovudmåla med turen vår, men før me kom så langt var me innom Balestrand og Vågå…
SAMSUNG CAMERA PICTURES
…Og Kviknes hotell i Balestrand byr på mykje kunst og antikvitetar…Den gamle gubben i sofaen inngår ikkje i antikvitetssamlinga til hotellet..
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Her rann mykje vatn ned frå fjella inne i Sognefjorden, og skodda kledde fjelltoppane.

På Vågå hotell hadde dei ein underleg kombinasjon av fasilitetane som eg laut foreviga. Kanskje langtrukne møter kunne varta kortare i slike omgjevningar. Jaja…
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Gjøvik ynskte oss velkommen med sol og klår himmel. Godt for oss vasstrukne vestlendingar å verta oppturka no etter seks veker med regn og nedbørsrekordar.

Strand hotell hadde senga klar, men middagsluren vart brått avslutta av ein brannalarm som fekk gamlingane raskt ut or kvitlane. Alarmen var falsk.

Eit av måla for blåturen vår var ein tur med Skibladner, og…
SAMSUNG CAMERA PICTURES
…han låg der og venta på oss.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
…ved ein blomepryda kai…
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Så bar det ut på Mjøsa i sol og stille.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Gubben fann seg fort ein fin plass på soldekket kor han kunne nyta breie bygder og store gardar rundt sjøen.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Kyrkja på Næs fekk han sjølvsagt også med seg…
SAMSUNG CAMERA PICTURES
…før me la til kai ved Hamar…
SAMSUNG CAMERA PICTURES
…Der frå gjekk turen oppatt til Gjøvik, og me sette straks turen attende til Vestlandet.

Turen heim tok seks og ein halv time og eg får skriva slik me skreiv i skulestilane våre på barneskulen. Det hadde vore ein gild tur…
Ein refleksjon må eg likevel setja ned på papiret. Frå me krossa Sognefjorden på veg ut til me passerte Voss på heimvegen trur eg at me passerte ein bomstasjon, medan me frå Voss og heim passerte heile fem stykk, og kor trur de me køyrde på vegar med mest gul midtstripe?
God helg!

6 kommentarer
    1. Da har dere vært på “Mine Trakter” Jeg bor 12 km fra Hamar nå. Har nettopp hatt besøk av ei bloggvenninne fra vestlandet, og jeg syntes det var moro å vise henne Mjøsområdet! Artig med kombinert “Møterom”. Du har antagelig rett i at det ikke ville bli så langtrukne møter i slike omgivelser. Antagelig ville bare ett kjønn være representert av gangen! 😉 Å bli revet ut av søvnen på grunn av en brannalarm – det er brutalt, men bedre med en alarm for mye enn en som ikke virker i det hele tatt! 🙂

    2. Så hyggelig å se fine bilder fra turen :)) Jeg gikk et år på folkehøyskole på Gjøvik jeg..lå nede ved Mjøsa..fint sted :)) Men aldri kjørt med Skibladner… Fin dag videre :))

    3. karidansen: Jeg tenkte meg nok at jeg var på “dine trakter” da vi var i mjøsområdet – tenkte faktisk på det…Hele landsskapet er så forskjellig fra “våre trakter”. Mens dere har de breie bygder har vi mer fjell og fjord – flott begge deler…
      Ha en god helg.

    4. annebe: Ja, da er du litt kjent der. Jeg kan anbefale en båttur om du er der en gang, men det er litt viktig å ha fint vær på turen, men det kan dessverre ikke bestilles.
      God helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg