Eg undres no…


Google…

…om det har kome ei ny øving i OL-programmet. I alle høve høyrer me nesten dagleg at media omtalar det, og norske utøvarar vert stadig omtalt i samband med denne øvinga. Nokon medalje er visst ikkje utdelt enno, og den nye greina er antalekeg berre ei prøvetevling i dette OL, men det ser ut for at her har me nordmenn ein føremun.
Ein syklist greidde det visst seks – 6 – gonger under tempoetappa på sykkel, og ein roar fekk det ikkje til før mållina var passert, og fleire melder seg vel på etterkvart.
Kva øving er det eg tenkjer på ?
Sjølvsagt er det spying som lyt opp på programmet. Dette kan sjølvsagt verta ein synergivinst av ei mislukka tevling, og dersom det attpåtil gjev medaljevinst må det kunna seiast å vera ein “Vinn – vinn”.- situasjon.
Dette er harsellering med seriøse idrottsutøvarar, seier du kanskje. Ja, det kan kanhende tolkast slik, men ein gamal gubbe undrest på kva som etterkvart er att av den sunne kroppen og sjela når utøvarane går så langt over grensene til eigen yteevne at kroppane dera lyt protestera på dette viset.
Eg berre spyr!

4 kommentarer
    1. Hehe…har ikke fått med meg denne spyinga jeg..men har ikke sett så mye om dagen heller….
      Men kan ikke være bra å presse seg så hardt…ikke noe for meg , jeg haaaaater å spy…:)))
      God helg :))

    2. Oldemorbloggen: Eg trur at idrotten er i eit grenseland når det gjeld å belasta kroppen, men så er det pengane, prestisjen og kapen om å slå doparane som styrer. Nei, det er ikkje lett å vera topputøvar.
      God helg.

    3. annebe: Huff nei, å spy er ikke noe stas. Men å få slik reaksjon når en har passert ytegrensa med god margin kan umulig være et sunnhetstegn i idrettslig sammenheng.
      God helg til dere også.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg