Julihymne 2016

Juli bruker å vera ein månad rik på agurkhende, men denne månaden har visst regnværet på Vestlandet øydelagt agurkhausten. I alle høve har det vore ein månad med nyhende ein kan drodla litt over…
Fyrst vart ein strippeklubb i Bergen nekta sjenkeløyve, for stripping og øldrikking høyrer ikkje saman i hansabyen må vite. Kva gjorde klubbeigaren då? Jau, han delta klubben i to – eit lokale for stripping og eit for øldrikking, og vips så har me fått ei strippebu i byen…
I England stemde forlket seg ut or EU.
Her på berget tok fyrst Kolbergen til,å røra på seg. Om det var sumarvarmen som tok han eller om det vart for mykje reker og kvitvin på sumarkveldane veit eg ikkje, men han fann visst ut at høgresida no kan vera med på å fremja terrorisme, i tillegg ti alle dei andre plagene dei fører på oss…
I regjeringskrinsar er det Monika Meland som fann ein feit styrejobb til ei venninne. Nei, det skadar då ikkje å ha eit godt kontaktnett…
——–
Eg skriv lite om det, men ufred og uvenskap som fylgjer tolking av gamle religiøse skrifter plagar mange, alt frå familiar og vener til den verdsomfemnande terrorismen me opplever i dag…

Google

Juli 2016.

Drikking og stripping høyrer’kje saman,
det har Bergen sitt byråd sagt.
Det får være måte på fest og «gaman»,
her lyt politikarane syne si makt.
Kva hender? Det er mest ikkje til å tru.
For no har me både Brustad ? og strippebu!

Så vil England forlata EU-fellesskapet
anført av to taleføre «generalar».
NEI-sida vann, men no angrar England tapet.
Folket tregar visst, og generalane «balar».
Dei trekkjer seg, det er den nye låten.
Er det rottene som rømer den søkkjande båten?

Høgresida katalyserer terrorisme
er Kolbergen sitt sumarmantra.
Tykkjer ha det er greitt med «asylantturisme»,
eller har møllertranglaset hans kantra?
Ikkje lett å forkasta det ein godkjende før.
Best då å grisa til konkurrenten si dør.

Ein kremstyrejobb i ei storbedrift
vart tildelt ei god venninne.
Meland som er lærd i lova sitt skrift
kunne ingen ugildskap finne.
Kameraderi ? kameradera.
Hei hvor det går ? hurra!

Så vil eg klaga på sumarværet
for denne julimånaden har vore fæl.
To ? tre dagar har me augna solskjæret,
ikkje noko vær for sumarlege sprel.
Du seier, slikt lyt me tola her vest,
og la paraplyen gjera dagen til ein fest.
——————————————————-
Allahu Akbar ? gud er god.
Men kva for ein gud er no det
som let terror og vondskap gro,
og som meier uskuldige ned ?
Kva er gale med den heilage skrifta
som fremjar våre umenneskelege drifta ?

Vert skrifta tolka på ulike måtar
veks det fram fanatiske sekter.
Orkester som spelar ulike låtar
og splittar både venskap og slekter.
Me må ikkje overtolka eldgamle skrifter
til å eksponera våre uslaste drifter.
31,07.2016.M-m.

6 kommentarer
    1. Du skriver som vanlig bra om små og store ting som skjer rundt om :)) Skulle gjerne hatt mer sol og sommer her også…selv om vi faktisk har hatt noen fine dager med badeturer her :)) Kan jo bli fint i August også…håper på det :))

    2. Ein god ting førde regnveret med seg; eit strålande julikvad. Det sette ein spiss på dagen for meg. Med 263 mm regn i juli har du grunn til å forbanna verguden, sjølv har eg fått 28 mm i same tidsrommet, så eg har vel ikkje lov å snakka om regn. Måtte du få ein Sahraturr august!

    3. Pedro: 28mm? Det er vel litt i overkant av det som rann ned på biltaket då eg var inne i byen ein tur i dag…Det er så gale no at sjølv “drengen” nå lyt ha redningsvest for ikkje å drukna under slåttejobben ute på enga…og graset ligg og flyt som siv i vatnet.
      Vll, etter denne julimånaden kan det berre gå ein veg…
      Ha ein ny regnfri dag i “staden”…

    4. Nei, eg er nok i nordvest framleis, men nord om Stad. Men eg såg eit par bergensbilete på skjermen i dag, og dei minner styggeleg om juli, så du har nok ikkje turka opp enno
      Godt mot, gamle ven!

    5. Pedro: Jau, her vest i havgapet har me hatt ein bra dag, men Bergen har fått si “kvote” i dag også…Var ein svipp innom i kveldinga og der inne var det vått!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg