Junihymne 2016.

Tradisjonen tru lyt det koma nokre visdomsord frå hendingar denne månaden også. Det vart skrive at storreiaren Torstein Hagen laut ta opp eit banklån på 1 milliard for å dela ut utbyte til seg sjølv. Den karen har greidd litt av kvart i år. Han har fått avsett både ordførar og havnesjef, og no er viss kjerringa jaga på dør også. Ikkje rart at gubben treng pengar.
Elles er Sissel tidleg ute med hjula i år, i alle fall med annonsene over julekonsertane sine. Huff, skal denne jula plaga oss heile året no?
Nei, då har eg meir sansen for Åge Aleksandersen som stelte til konsert i sjølvaste Royal Albert Hall for fansen sin, det var noko det!

Google

Juni 2016.

Kjenner du han Torstein Hagen,
Storreiar med mykje makt.
Ein gubbe med mykje is i magen,
skatteparadisspesialist vert det sagt.
Dyrt er det visst å kvitte seg med kona,
for sitt milliardutbyte lyt han ut å låna.

Så er skuleelevane i harnisk.
Dei vil ha rett til grenselaust fråvær,
og definera seg sjølv sjuk eller frisk
skulle tru at skulearbeid var berre blåbær.
Ei stund fekk dei også Giske’n med på laget.
Greit med tingfråvær no midt i bleiejaget.

Bergen vil gje nynorsken betre kår.
Korleis gjer  dei så det?
Her er det byrådet som rår,
og dei legg to nynorskskular ned.
«Kvisleis» kan det ganga til,
heilt uforståeleg for ein innbarka stril.

No går det visst raskt mot jul
for julegullstrupen er allereie i gong,
med reklame for dalande englar i skjul.
Sikra deg plass til Sissels vakre julesong.
Julesong og englar i mai, spar oss frå det.
Før desember bør jul og englar få fred.

Ein annan kjær artist, og eit anna mål.
Åge har innfridd sin livslange draum.
Han inntok sjølvaste Royal Albert Hall
med ljos og varme mot ein trønderstraum.
Salen vart fylt med heile fire tusen.
Og trønderrocken. Ja, den gjorde susen.

Havrommet, kva tyder no det?
Jau, politikkens nye moteord.
Hav og sjø fekk politikktommelen ned,
var ikkje sexy nok på politikkens bord.
Som Erna seier.: Det lyt vera robust,
og nyord må lærast, eller er du ein dust.

Brexit 1. Ut av EU-unionen.
Skal England som stormakt gjenreisast no?
Brexit 2. Eit fall frå fotballbastionen.
Den store fotballnasjonen datt rett i do.
For vesle Island vart for sterke,
i EM-sluttspelet gjekk det meste på tverke.
30.06.2016.M-m.

Google

2 kommentarer
    1. Du vart ikkje fri for stoff i juni heller, og du fekk pakka det saman til eit kvad av kjent godt merke. Ein gjer seg visse tankar etter dine månadsdikt.. Måtte juli bli ein god månad med agurknytt i staden for dei dramatiske hendingane. God sumar!

    2. Pedro: Eg kan ikkje seia at det har krydd med kommentarar på mitt julihymne, men ferietid og “gamalgubbe”-slenging med leppa er antakeleg ikkje nokon “vinnar”. Men pytt, kva gjer no det, eg får det jo ut…
      Kanskje eg skal ta fellesferie i juli, men det kan kanskje halda hardt å stoppa “pennen”…
      Du er kanskje på feriestaden. God sumar og god ferie…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg