Varmt og godt…

var det då me kom heim frå Alcudia sist laurdag. Eg trur jamvel at det var vel så varmt her nord enn nede ved Mare Nostrum nett den dagen.
Men gamlingar har det travelt vert det sagt, så også med denne gubben.
Ettersom det no er 60 år sidan me vart uteksaminert frå Øystese Statsrealskule  vart det behørig markert på Solstrand sist haust. Den alltid entusiastiske komiteen mellom dei gamle elevane gav seg ikkje med den eine festen. Difor vart me invitert på tur til Fedje sist måndag og 12 av oss som bur i området her vart med på turen.
Eit par ord om Fedje som er ein øykommune langt vest i Hordaland. Nyleg vart kommunene kåra til landet sin beste kommune å bu i, og 576 innbyggjarar nyt godt av det. Dette resultatet kan vel vera ein liten tankevekkjar for Røed Isaksen no i kommunesamanslåingsprosessane
Elles har kommunen levd av fiske og fangst, men er vel no mest kjend for sjøtrafikkstasjon/losstasjon, oljevernberedsskap og ikkje minst dei siste åra sitt stridstema, den kvikksøvlasta tyske ubåten U-864 som vart torpedert det i krigen si sluttfase.

Diskusjonane har gått fram og tilbake om båten skal tildekkjast eller takast opp, og her ser de det, etter mi meinig meiningslause resultatet. Ein aksjon som tek sikte på tildekkjing. Som Bergens Tidende skriv i dag, ein illusjon om at gøymt er gløymt, eller hovudet-i-sanden-politikk. Mi meinig, Ubåten, eller i det minst lasta burde verta teken opp. Men så ligg ikkje båten nett i Oslofjorden!

Etter ein ferjetur på litt under ein halv time med ei havgåande bilferje kunne me stiga på land i varme og vindstille.

…og snart ligg fedjebygda under oss sett frå trafikksentralen. Forøvrig er denne sentralen bygd på restane etter tyskarane sin overvakingssentral frå krigens dagar.

Sidan Fedje ligg ytst ut mot nordsjøen er det også plassert eit monumentalt fyrtårn der ute. Blinka frå dette fyret kan registrerast i mils omkrins. Fyret er sjølvsagt enno aktivt, og eg veit at det har vore kunstutstellingar der ute.
Vel, eg presenterer ikkje oss deltakarane utover det at me hadde ein flott dag kor det også vart tid til ein mimretime eller to samen med ein av medelevane som har vore bufast på Fedje heile livet.
Ut over det kan staden vera vel verd ei vitjing om ein er på desse traktene og har litt tid til overs.

6 kommentarer
    1. Sommer og sol her hos oss nå..men i går var det skikkelig tordenvær :)) 60 år siden ..det er jo verdt en skikkelig feiring :)) Så ut som et flott sted ved vannet..og med blå himmel blir det jo ekstra vakkert :)) Fin dag videre til deg :))

    2. Nå gjorde du meg interessert. Korleis kan 5-600 menneska leva så bra på denne “holmen”? Her kan det aldri bli snakk om bru eller tunnel, så den havgåande ferja er nok løysinga, både nå og i all framtid. Du var heldig som tok turen på blankt hav, for her kan du sikkert få kjenna naturkreftene. Takk for informativ blogg.
      Vonar du får like gode dagar der vest som du hadde “innomskjers” i Spanien.

    3. Pedro: Ja, dagen etter kom nordavindskulingen, så turen vart gjennomført den rette dagen. Korleis 500 menneskje kan leva så bra. Eg trur at det bl a handlar om å ta vare på kvarandre, skapa tryggleik i nærmiljøet. Eg skjøner også at dei forvaltar dei kommunale tenestene på ein god måte.
      Ser ein bort frå nordavinden er soldagen fin her ute i havgapet.

    4. deilig å komme hjem fra varmere breddegarder og oppleve att heimlandet er vel så varmt )) Høres ut som en kjekk hjemkomst også med hyggelig tur og opplevelse med gamle kjente.
      Fine bilder,ellers er jeg enig i att det som befinner seg under vannflaten burde vært tatt opp og ikke dekket til

    5. fruensvilje: Vel, nå sliter vi med samme nordavinden som dere har, men sola skinner så da hjelper det. Høres ikke kjekt ut å fjerne tåa, men er den for plagsom da er det vel en bra løsning. Lykke til med inngrepet.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg