Feriemodus


Google

Feriefunderinger.

Fjorten dagar med varme og sol,
døsande i ein campingstol.
Ein middelhavsdukkert i ny og ne.
Det er gubbeferie det!

Ein kjøleg pils eller eit glas vin
er ikkje nett å kasta perler for svin.
Når kroppen tyrstar i sydenvarmen
lyt ein leska seg og svinga «armen».

Litt borte frå kvardag og utrygg verd.
Halsbrekkande sjøreis på utrygg ferd.
Terror og vånde i gudar sitt navn.
Nei, no tek me ferien i vår favn.

Borte er Jonas, Erna og Siv,
kan me ynskja oss meir av eit ferieliv.
Her kranglar me korkje om skatt eller helse;
ei heller kva gud som er best på frelse.

Men kva hender etter nokre feriedagar,
på nettbrettet fort du i verdsveven jagar.
Du saknar Siv og Jonas og Erna
Dei let seg ikkje frå tanken fjerna.

Så vedgå berre når nettsveipen er gjort.
Verda er uråd å kopla heilt bort.
Feriemodus i den moderne verda
er å ha WI-Fi-en med på ferda.
02.06.2016.M-m.

13 kommentarer
    1. Herlig dikt og bilde :)) Kunne godt tenkt meg ei pustepause fra hverdagen nå…men det får bli en annen gang…ett annet år… Men hjemme er best i lengden :))

    2. Du skriv så etande godt
      at innimellom kjem det ein lott
      når eg les om WI-Fi og vin
      som gjer dagen din fin
      Her heime vekslar det mellom fint og vått
      men likevel syns eg livet er flott.

    3. Jau, du har nok hatt godt av fjorten sorglause dagar i Syden, men når du byrjar søka ned til hamna og ser på båtar, då er det nok livet i Øygarden som ubevisst lokkar. Takk for fine glimt frå livet der ute, og god tur heim att til moderate temperaturar, hansabrus og pale!!

    4. Pedro: Ja, no vert det bra å koma heimatt sjølv om me ikkje lir noko naud her. Sol har her vore kvar dag, rusleturar på stranda og god mat, til og med nordavinden er mildare her. Men no vil me heim og stella i hagen og prøva om fisken bit…
      Ha ein fin sumardag.

    5. annebe: Ute godt, men hjemme best, jeg er enig i det. Men en liten “break” med godvær smakte godt denne gangen. Likevel, det blir godt å komme hjem nå…
      Ha en fin dag.

    6. Oldemorbloggen:
      Eg takkar for gode ord
      her ved eit freistande raudvinsbord.
      Men no lyt me heim frå vårt ferieparadis,
      kan ikkje halda lenge på på dette vis.
      Nei, no er det heim til pale og torsk
      og nordavindskuling som er ekte norsk.

    7. karidansen: Takk for hyggelig kommentar…Jeg fant ut at jeg ville skrive om noe annet enn maten så det måtte bli en liten refleksjon over at vi har verden med oss hvor vi enn drar. Det blir en slags “nissen på lasset” versjon.
      Ha en hyggelig kveld…

    8. Siv Svanem: En får god tid til å reflektere litt i solstolen. Verden er med oss hele tiden selv om den går litt på tomgang når man ferierer. Avkoblingen er viktig i alle fall.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg