Her er…

…den flotte skulen i Hardanger kor eg starta mi utdanning for ørten år sidan, Øystese Statsrealskule, sidan utvida til gymnas.
Ein flott og god skule kor bygdeungdom fekk ei toårig realskuleutdanning, og kor den einskilde, i tillegg til ei solid grunnutdanning fekk ei bratt læringskurve i utviklinga frå born til ungdom. Hybelliv og ansvar for seg sjølv, sin økonomi og oppfølgjing av skulearbeidet var eit personleg ansvar, og det gjekk veldig bra for dei aller fleste.
Som hybelbuar langt heimifrå som 15 -16 åring var det ikkje berre å springa heim til foreldra om noko butta i mot. Nei, ein fekk rota set ut or utfordringane sjølv.
Her var det ikkje å liggja seg heime om dagen ikkje var heilt god, og leksene vart jamnleg etterprøvd så det var ikkje lett å lura seg unna…For eigen del, og eg har sikkert dei fleste av medelevane med meg, var dette to flotte år me vil bera med oss minnet om resten av liv

Skulebygninga vår ligg lengst til høgre. Den er borte no.

Kvifor skriv eg så om dette i dag. Jau, eg ser at skuledirektøren i Hordaland no vil leggja ned 11 videregåande skular i fylket, og dei fleste ligg ute i distrikta. Me har for mange, meiner han, og då kan me driva meir effektivt med å samla skuletilbodet.
Blant dei nedleggjingstruga skulane fins også den som synte best resultat i landet siste året, og gjennomgåande er desse skulane blant dei beste.. Eg har vel i mitt enkle tankespinn tenkt at det gode må me for all del ta vare på., og då vert det i mitt enkle hovud heilt feil å ta bort skular som fungerer. Eg kan også nemna at elevfråfallet ved desse skulane ligg langt under fråfallet på meir sentrale stader.
Me snakkar sikkert økonomiinnsparingar ved dette kuttforslaget, og kanskje er det nett økonomi som er hovudgrunnen. Men ærleg tala, har me ikkje i dette rike landet råd til å gje dei unge den beste utdanninga når den påviseleg ligg i distrikta. Er me verkjeleg no vorte så dauvblinde at me korkje ser eller høyrer kor resultata er best, og kor kundane (elevane) har det beste læringsutbytet?
Eg lyt spørja meg sjølv om dette er ein ny omdreiing av sentraliseringsskruen som herjar i landet vårt for tida, og i denne samanhangen, utan skråblikk til læringsmiljø og læringsutbyte som skuleministeren er så oppteken av.
Nei, dette innlegget vart visst alt for langt, men eg meiner at det er av stor verdi å behalda distriktsskulane som fungerer så bra. Det gjev, i tillegg til god læringsutvikling for dei unge, også ei god samfunnsutvikling og sikring av distrikta våre.
Øystese Gymnast står heldigvis ikkje på kuttlista til skulebyråkratane, og eg vonar at skulane som står på denne lista framleis vil få fungera vidare som dei utdannings – og –  kulturinstitusjonane dei har vore.
 

6 kommentarer
    1. jeg er så hjartans enige med deg.Nå har vi en elev med litt spesielle behov i vårt distrikt,og for att denne eleven skulle få en best mulig oppølging på skullen flyttet dei fra storbyen og hit ut på landet,mora mener det er det som gjør det mulig for denne eleven å fungere godt på skulen i dag.Nei alt skulle ikke vært lov å sentralisert

    2. fruensvilje: Nei, eg trur at denne sentraliseringa er øydeleggjande for mangfoldet i skulen, og for mange elevar sine behov for trygge skuleopplevingar. Me treng ei folkereising mot skrivebordsbyråkratane sine lite glupe løysingar…

    3. Veldig dumt når ting som fungerer bra , blir kutta ned på…eller lagt ned pga penger..iallefall når det faktisk er penger til å beholde det slik det er…
      Ønsker deg uansett en fin fredagskveld :))

    4. annebe: Ja, jeg kjenner at jeg blir lei meg og sint når dette forslaget kommer opp seriøst. Jeg gikk selv på en landsens realskole og en videregående i byen og vet godt hvilken jeg likte best, men så er jeg jo fra landsbygda selv .
      Ha en fin week-end,,,

    5. For meg vart Tingvoll Statsrealskule starten på vaksenlivet; som 14-åring fekk eg ansvar for meg sjølv. Fråfallet på skulen var nær null, men det kom kanskje av at me vart “sila” gjennom opptaksprøver i fleire fag. Kvar måndag fekk me lov å høyre på ynskjekonserten hjå hybelvertinna, elles var det skulearbeidet som vart prioritert. Når ein høyrer at dei unge i dag brukar 2-3 timar på TV og sosiale media, ja då kan ein forstå at fråfallet blir stort. Om vår start på livet var den beste, nei det veit eg ikkje, men “gagns menneske” vart me kanskje, og det var vel målet.
      Ha ein god nostalgisk dag!

    6. Pedro: Ja, me var nok priviligerte i utdanningsammenheng, og me laut vel også reisa, bu på hybel og klara oss sjølv. Det er kan hende difor eg vert så opprørd no når dei vil sentralisera det høgare skuleverket. Nei, la dei unge få ha sin videregåande skule i nærmiljøet, og la distrikta få leva.
      Det er ikkje sikkert at all effektivisering er til nytte for oss som menneske…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg