Me må ikkje gløyma….

…at April har vore kaldsleg tidlegare også. Dette er eit bilete frå påska for tre år sidan. Og, som de ser, har optimisten greidd å få ut hagemøblane til dei verste snøkavene…


…Men kva gjorde me då snøen lava ned. Jau, ein rask tur innom “nettet” gav oss to restplassar til…


MADEIRA,,,og vips sto me midt i blomemarknaden i Funchal, og gløymt var nedsnødde hagemøblar i Øygarden..


Dei hadde ver til å fiska og turka fisken. Det gjorde dei visst samstundes som dei turka opp båtane sine. Fargerike farkostar var det i alle fall…


I fiskerlandsbyen Camara de Lobos drog dei visst båtane sine opp etter fiskeøkta, eller kanskje var det årleg vedlikehald no i april månad.

I denne småbyen hadde også Churchill sin residens og stamrestaurant då han vitja øya han likte så godt. Me var ikkje innom og sjekka om whiskeylageret hans var oppdrukke nå, men det var det nok…
 

10 kommentarer
    1. April er variabel..og her er det skarp luft i dag :)) Flotte sommerlige bilder fra Madeira…får drømme litt om sol og sommer jeg…:)) Kos deg du :))

    2. annebe:Det er så lett å glemme at april har vært kald også tidligere år. Og. Madeira – ja dit drar vi gjerne ved en senere anledning..
      Ha en fin dag.

    3. Somme veit å ordne seg. Eg har vore ute i heile dag i regn og vind, for å skrape mose av vegen opp til huset. Nifst kaldt, vått og utriveleg. Ha ein strålande ferie, de gjorde det einaste rette.

    4. snø har vi nok hatt i både mai og juni også,og vi hvet jo att det blir varmere dager etter dette )) nydelige bilder,no fikk vi biletter i posten i dag,så da nermer vår tur seg til varmere himmelstrøk

    5. Oldemorbloggen: Nei, i dag var eg nok litt upresis med formuleringa…Alle bileta var tre år gamle, det var då me var på Madeira. I år nøyer me oss med ein tur til Alcudia på slutten av mai, det plar vera leveleg temperatur påde på land og i sjø der nede på den tida.

    6. fruensvilje: Dere skal jo på cruise. For oss er det planlagt en mallorcatur i mai – det blir nok litt va.rme på oss da – og så kommer nok sommeren til gamlelandet også etterhvert

    7. A: Haha, vi får rømme unna om det ikke bedrer seg, men det gjør det nok. Optimisten her tror på en endring tidlig i mai… Jeg trenger det for å fristes til å sette båten på sjøen.

    8. Sjå der har du fått snudd bildet til høgdeformat; og for eit flott bilde! Men sjølv Madeira kan by på overraskande snøfall på våren. Det eg sette mest pris på var det gode utvalet av vin – heitvin og matvin, både raude og kvite, og gode likørar av ymse opphav. Måltidet som var inkludert i sightseeinga vår vart minneverdig på både vått og tørt. Gode minne på ein sur vårdag.

    9. Pedro: Ja, Madeira var ei god oppleving som godt kan gjentakast…Elles er det alcudiaturen no i mai som er på planen. Skal verta godt med litt varme i sjela
      I dag ser eg forresten sola på himmelen, så det er best å skunda seg ut…
      Ha ein solfylt dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg