Rapport frå mars…

SAMSUNG CAMERA PICTURES

Mars er heller ikke mild, men det lysner i april.
Dette møtte gubben då han for ut etter avisa i dag. Etter å ha vorte fora med vårblomar på bloggen no ein heil månad var ikkje dette forventa. Me får antakeleg tolma oss nokre dagar, og gubben får utsetja å skifte til sumardekk så lengje…
Månaden har elles ikkje berre bydd på snøoverraskingar. Her har vore mykje skriving om miljø, bompengar og skittbilar (dieselane), ja for ikkje å forgløyma vår tids gullkalvar. EL-bilane. Dei kan no køyra på oppgraderte vegar som er finansiert av skittbilane sine bompengar…
Ein litt morosam politikarvariant er at dei no i Oslo vil kalla seg byregjering. Jaja, kjem me ikkje i regjering på riksplanet kan vel ei byregjering vera eit godt plaster på såret.
Eg var usikker på om eg skulle ta med det store paradokset om staten sin inntekter på prostitusjon, men skitt la gå – det vart med, og her kjem månadssamadraget på godt og vondt..

Mars 2016.

Vil du ha ein gratis bil,
då er EL-bilen tingen.
Den køyrer billeg og med stil,
og du sparer pengebingen.
Bompengefritaket betalar EL-bilfesten,
øg vegbygging betalar den fossile hesten.

Drivstoffet har også grønskast litt,
oppblanda med olje frå palma.
Du kan sjå dei grøne smila blidt
syngjande på grøne «salma».
Men akk, kva var det som gjekk feil?
Palma er visst grønast når ho er heil.

Endeleg er ein varslar sett på plass,
han kjende seg urettvist sparka bak
av leidinga i Bergen politipalass
då han varsla om ei feilhandsama sak.
Politigranskinga toa hender og tok kvelden,
verbalt assistert av sjølvaste Elden.

Snakk om å fylgja opp eigen suksess
etter vellukka dobling av bompengeprisen.
Fylkestinget har henta fram enno eit ess;
ei femdobling skal no letta ureiningsdisen!
Finn ei sak som kan merkast miljø,
Ver trygg, då skal pungen din få blø.

Staten har slege seg på prostitusjon,
det ligg pengar i verdas eldste yrke.
Dei vil kontrollera illegal kjønnsproduksjon,
og kan samstundes statskassa styrke.
Heile 15.000,-  i bot for eit nummer.
Den prostituerte får langt lågare summer.

Oslobyrådet vil leika regjering,
likare enn eit skarvebyråd, må vite.
Men då går dei i staten si næring,
og han Raymond Johansen lyt slite.
For han fekk ikkje lov av Sanner,
så no sit han i byrådstolen og banner.

No kan dei feira, dei kvardagskriminelle
for sakene deira vert tilsidelagt.
Dei unngår både turt brød og celle,
for det har riksadvokaten sagt.
Bergenspolitiet gjekk litt lengre enn det
då dei hastig  la Monikasaka ned.

Men dei slit med så mykje, vårt politi;
no lyt dei jamvel bera våpen på hofta.
Vådeskota flaksar visst i hytt og sky,
men helst mot inventar og uniformstoffa.
Til og med vår kongelege persitisjeskule
fekk hin dagen vitjing av ei politikule.
31.03.2016.M-m.
 

6 kommentarer
    1. fruensvilje: Takk. Jeg fristes over evne hver gang jeg finner utspill og hendelser jeg kan “mistolke” eller understreke litt. Det dukker stadig opp ny inspirasjon i hverdagen…
      Ha en fin dag med krokus som dukker opp av snøen…

    2. Herlige kommentarer dette. Men du får se og kvitte deg med dieselen. Elbil er jo en ren og god investering, og du har vel lademuligheter både på hytta og hjemme.
      Her kjører vi nesten bare på EL.

    3. Broder’n i øst: Ja, jeg får vel slutte meg til dansen rundt gullkalven jeg også – og la de “dumme” fossilbilistene betale veiutbygging og vedlikehold for meg.
      Din løsning er etter min mening det beste alternativet, både miljømessig og “sosialt”…

    4. Med eit sviktande korttidsminne er det godt å få dine velskrivne samandrag. Raymond vart ikkje regjeringssjef, men fekk i alle fall bytta ut den miljøvenlege hybridbilen i rådhuset med ein skikkeleg bensinslukar, Audi A8. Der fikk miljøet ein kilevink. Takk for diktet, og så får me vona at april blir ein god månad.

    5. Pedro: Ja, og no har han fått Bellona-Fredrik på nakken, og då vart han vel skræmd, tenkjer eg.
      Ja, kva gjer me ikkje for miljøet. Ei av MDG-damene tok toget på ein påsketur til Barcelona, det tok visst innpå 5 døger tur – retur. Ho rakk kanskje ein tur på “ramblaen” før toget for haim att.
      Jaja, nokon må vel “betala” for NOX-en til diesel-SUV-en til han Rasmus.
      Ha ein NOX-fri dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg