Februarresyme…

Denne månaden måtte sjølvsagt verta månaden då giftlåka over dei største byane våre, dieselbilbruken og flyseteavgifta vart sett på dagsorden. MDG vil, saman med AP stengja indre Oslo for bilar, og Venstre vil ha radikal avgiftsauke på fossildrivstoff. Ja, de veit at i desse tider med fallande oljeprisar og medfylgjande mindre pengar i statskassa gjeld det å fylla opp att. Då er miljøavgifter eit lett argument til å auka skatteinngongen.
Nei Venstre, hadde det vore truverdig hald i miljøargumentasjonen dykkar så er det stengjing av oljebrunnar og nedtrapping av oljeverksemd som gjev effekt.
Skjøner de ikkje at det fossile brennstoffet som vert pumpa opp av Nordsjøen vert brend ein stad på kloden, og kvar er så den globale effekten av avgiftskåtskapen?
Det måtte altså verta eit par vers om dei politikarskapte miljøtrugsmåla i februarsamandraget…

Google
Februar 2016.

Etter roleg start vart det fart i politikken,
flyseteavgifta fyrde litt opp.
Venstre vil avgiftslasta flytrafikken,
og Rygge flyplass seier visst stopp.
Kva tenkjer du no, Trine Skei Grande,
no som du har terga opp heile landet.

I Oslo skal dieselbilen stoppast,
han spyr ut svevestøv og giftgass.
I Bergen skal også bilistane loppast
når miljøbompengane kjem på plass.
Me får halda oss heime og fyra med ved,
og la våre giftbilar kvila i fred.

No lyt miljøbomba stå på stallen,
me lyt gå over til elektrisk drift.
Omsider gjekk det opp for kallen
at han spydde ut forderveleg gift.
EL-bilen er den heilage kua i gata,
fossilt vert som «persona non grata».

Alle er opptekne av flyktningpolitikken,
før jul var dei einige i løvehola.
Men kvar vart den politiske folkeskikken,
i krangelen om kor mange me kan tola.
Me bør ha ein streng og rettvis politikk,
og samstundes visa hjartelag og folkeskikk.

Så lyt gamlegubben vedgå sitt brøde,
hovudet er ikkje slik det var.
Mammon skulle gje hjerneføde,
til den utfordringa var han ikkje klar.
Forvirrande handling og persongalleri,
fekk ikkje plass på hans åndelege staffeli.

Gubben har hatt kroppsleg vedlikehald.
Han er glad for tilbodet han fekk,
og at dei reparerte ein tilårskomen kall
så blodpumpa fullgod næring fekk.
Takk til eit omsorgsfullt helsestell
som ikkje gløymer oss med livet «på hell».
29.02.2016.M-m.

 

 

 

6 kommentarer
    1. Som vanleg, når eg les dine dikt, blir eg imponert over evna di til å rime og få fram aktuelle hendingar i samfunnet. Det er ikkje lett, dei kan prøve dei som vil. 🙂

    2. Oldemorbloggen: Takk, du er snill med meg. Eg trur at desse versa ligg bak i hovudet, då kjem formuleringane lettare. Men ordsmiing som gjev ei eller anna meining fascinerer meg.
      Ha ein fin dag.

    3. Du femner som vanleg både vidt og breitt, og får alt sveisa saman på meisterleg vis. Eg er så heldig å bu utanfor bykjerna, men bompengane renn ut berre eg tek laust frå garasjen. Ein flytur til Berlin kostar 199,- kroner, men ein biltur Oslo – Ålesund kjem på langt over 1000-lappen. Ja, ja, noko skal ein bruke den underregulerte pensjonen til. Ha ein fin vinter-/vårdag der vest.

    4. Pedro: Ja, her på Askøy skal me vedlikhada vegane vha bompengar, og no har så mange gått over til EL-bil at dei vil auka satsane med 25%. Galskap sett i system i miljørørslas namn. Vona er no at politkarane føl opp utsegnene om at gullkalvane også må vera med på speliselaget. Men har dei ballar, det får tida vise.
      I dag ser eg at det no er metan som trugar oss, så no vert du nok snart utstyrd med fisefilter, og det vert vel forbod mot erterstuing.
      Jaja Pedro, ha ein fisefin kveld…

    5. du er så flink til å få fram alle dei viktige hendelsane i måneden ,så også denne gang )) godt skrevet ,så får vi alle tenke litt på våre private miljøutslipp

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg