Før og etter….

MAMMON.

Google

Etter å ha kasta bort 7 søndagstimar med å prøva å finna ut av den velreklamerte og oppskrytte krimserien til NRK, Mammon, sit gubben no her i  godstolen og angrar på at han ikkje hoppa av den intellektuelle gisseleiken allereie etter første episode.
Kvifor vart han sitjande framfor skåpet og glo sundag etter sundag, like forvirra etter kvar episode? Jau, gubben tenkte at neste episode vil nok gje han ein samanheng og litt oppklåring, men når sjølv siste episode forlet skjermen med så mange lause trådendar og lite klede på keisaren, og ein gamal gubbe undrande i godstolen, var det berre å erkjenna at det gamle hovudet ikkje følgjer med i tida lengre.
Det har også ført til at gubben har nedgradert IQ-en sin frå magemålet til skonummeret.

I dag ser han så at andre prøver å finna forklåringer på kvifor dei har fylgt den håplause serien.
Enovadirektøren forklårer det slik.: «Kanskje det handler  meir om at de ikkje har sansen, enn at de ikkje «skjønner»».   Hæh?!?

Neste års oppfølging av Mammon får garantert en seer mindre

12 kommentarer
    1. Hugs at denne serien er selt til Storbritannia, Tyskland, Sveits, Østerrike, Belgia, Nederland og Luxemburg. Dersom du skal på europaferie i år er det best å seia at du kjem frå Sverige. Det var eit knep me brukte med hell i Paris i hine hårda dagar. Set deg i omnskroken og vent til stormen er over!

    2. Pedro: Takk for tipset, men eg trur det er IQ-en det må vera noko i vegen med, for no skjøner eg kvifor eg ikkje vart direktør på Enova…
      Huff, har dei greidd å selja den driten til alle desse landa – då ynskjer eg sjåarane der lukke til og god betring…
      Ang stormen så har han byrja å pipa rundt nova no…

    3. Sidan eg gjorde, som du burde ha gjort, kutta ut etter halve første episode, kan eg ikkje ta del i diskusjonen om korleis slutten blei oppfatta. Eg har ein svigerson, som både likte og forstod, men han er den einaste eg veit om. Men eg fekk no ein god lott, no då eg leste innlegget ditt.

    4. Oldemorbloggen: Jau, då har innlegget vore til litt nytte i dag også, haha.
      Elles kan det godt vera at serien høver betre til den yngre generasjon, som din svigerson. Det svingar vel fortare i toppetasjen hjå dei.
      No må du tjora deg sjølv og ma’en før stormen kjem for fullt…Det vert nok ei uroleg natt.

    5. He He. Fikk nokk etter første sesong så jeg fulgte ikke med denne sesongen. Skjønner jo nå at jeg ikke har gått glipp av noe.

    6. Hmmmmmm…nedgradert IQ’ en til størrelsen på skoa…….Hvis du ikke har verdens største føtter….så er det dårlig stell, skjønner jeg! Godt gjort av en med så lav IQ å klare å skrive slik! 😉

    7. Jeg hadde sovet litt sånn inne i mellom gjennom serein og trodde det var derfor jeg ikke forstod noe av slutten. Men så er det veldig mange som heller ikke har forstått. Skikkelig irriterende,

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg