Flyseteavgifta – ein genistrek.,.,.,.,


Google

For å landa statsbudsjettet sist haust fann Venstre ut at ei flyseteavgift på 80 kroner ville gjera susen. I tillegg til at budsjettet vart berga ville det også ha positiv innverknad på miljøet, me skal flyga mindre, må vite…
Og 80 kroner meir for ein flybillett, det betyr ingenting for våre krøsuslommebøker, seier dei. Dei gløymer då elegant at bomavifter på bilkøyring, i alle høve her hjå oss, vert både dobla og tripla, og råkar tyngst dei same som lyt betala mest for flyseteavgiftene, nemleg bornefamiliane.
Men mindre utslepp vert det vel, for eit av dei største lågprisselskapa, Ryanair, forresten ei stor flis i augo til Venstre, har no forkynt at dei dreg seg ut or landet. I tillegg vert antakeleg Rygge flystasjon nedlagd. Så gratulerer Venstre de greidde både å redusera flytrafikken og senda 2 – 3000 over til statsbudsjettet/NAV. Dei får antakeleg ikkje råd til å flyga, korkje med eller utan flyseteavgift..
Greitt nok med restriksjonar og avgifter som skal redusera miljølastene, når dei er gjennomtenkte, men sleke opphosta avgifter som dukkar opp ein sein nattetime i stortingskorridorane vil eg gjerne ha meg fråbeden.

Google
Så, hjarteleg tillukke med Kinderegget Venstre; Meir pengar i statskassa, mindre ureining frå flytrafikken, og fleire på NAV-ordningar!

6 kommentarer

    1. Broder’n i øst: Inne i løvehola kjem lovforslag med jamne mellomrom, og dei er alle godt utgreid gjennom lang sakshandsaming og brei høyringsinnsamling. Men kva skjer i dei seine nattetimene under budsjettforhandlingane. Ja, gudane veit, men ein kan verta freista til å tru at representantane rekkjer opp hendene berre for å koma seg heim til køys.
      Plastposeavgifta er eit anna døme på lite gjennomtenkt framlegg…

    2. Politikk er så mykje rart, mellom anna egoisme. Når partiet Venstre ligg faretruande nær sperregrensa, då brukar ein alle knep, sjølv om det ikkje er det beste for landet. Miljøvern er ei stor sak for tida, men det gjeld å vera best for å trekke til seg veljarar. Så får me vente på utspela frå MDG og SV. God helg!

    3. Pedro: SV har no meldt seg ut, så dei må vel rekna med å sømja under vatnet/sperregrensa i lange tider. Venstre må vel også få på seg froskemannsdrakt etterkvart…
      Ha ei avgiftsfri helg i heimen…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg