Ein månad i storm og stille…

Eg som trudde at denne månaden skulle verta reine svartestilla, i alle fall politisk. Men eg laut fort tenkja omatt. Ikkje før var chapagneflaskene tømde og nyttårsforsetta brotne før kulde. svartestille og bilkjøring tok til å plaga allergikarar og politikarar med giftluft i dei største byane våre. Det enda med nokre køyrerestriksjonar og litt politisk skuggeboksing mellom regjering og kommunepolitikarar, før vårherre sjølv trødde til med ein skikkeleg orkan som bles bort styggedomen.
Dessutan gav asyldebatten dei politiske partia sjansen til å håva inn både politiske og retoriske poeng, men støtt i striden stod regjeringa si prygelknabe, Sylvia. Om all ordbruken og meir eller mindre sakleg skittkasting har vore til nytte for dei det gjeld er eg meir enn usikker på.
Jaja, nokre andre saker her det vel også vore…de får sjå sjølv…

Google


 Januar 2016.

Så er champagneflaska tom.
Konge og minister har tala.
Vert nyttårsfortsetta dine ein bom,
du som tidlegare har prøvd og bala.
Er det ikkje på tide å verta realist,
det er lettast å enda som livets turist.

Sprengkulda kom som nyttårsgåve,
og fram steig ei vakker vintersol,
som skein dagen lang inn i vår stove,
jaga gubben ut or sin ruskeversstol.
Men au, han laut visst halda seg inne
for ute var berre giftluft å finne.

Så kom forbod om bil i byen,
ein kunne køyre annankvar dag.
Ein ville få bort «ureiningsskyen»,
og så kunne fleire køyra i lag.
Men lite nytta det med færre bilar
for framleis lyste raude ureinigspilar.

For supplybåtar ligg talrike ved bryggja
og spyr ut støv og eksos i fleng.
Vanskeleg å få bort denne ureiningsstyggja
når byen havneavgifter treng.
Så no kranglar kommune og stat,
med eksosutslepp i massevis som resultat.

Men så gjekk reiarane sjølv til aksjon,
og mange har no flytta båtane vekk.
Og byfolket lever i spaning og von
om at betre byluft me fekk.
Medan byråkratane finles paragraf og lov
tek reiarane grep, Takk og lov.

Til sist kom verguden og berga lufta;
han sørgde for både regn og vind.
Medan sol og stille brått fordufta
fekk giftjagande politikar ro i sitt sinn.
Bort med kjøreforbod som var upopulære,
no som dei vart berga av bergensværet.

Bergen  har fått si «tall ships»-regatta,
liknande har byen prøvd seg på før.
Men ordføraren vart visst lurt ut på glatta
av ein smart og PR-kåt cruisedirektør.
Kven  hugsar vel ikkje ein vidgjeten 17. mai
då Viking Star vart feira ved hansastadens kai.

Det fløymer over av prisar for tida
for alt frå idrott til politikk.
No vart det tildeling til venstresida
til høgresida sine smil og nikk.
For tåkefyrsteprisen gjekk til Gahr Støre.
Han sklir ikkje heilt på politisk silkeføre.

Lysbakken har forlate tenketanken sin,
han har slept taket i raudgrønt ratt.
Då regjeringssamarbeidet gjekk i spinn
vart meiningsmålinga svart som natt.
No vil han visst ha velgjaren i fokus.
Då ser eg fram til retorisk «hokus-pokus».

Korleis er det så med sigerspallen,
om du møter der, er det så nøye?
Det tykkjer denne gamle kallen,
men for Svendsen vart det for mykje møye.
For etter sigeren i ein skiskyttarstafett
sende han sponsoren opp, rett og slett.

Så har kongeparet vårt jubilert.
25 år på den norske trona.
Alltid smilande og engasjert
i arbeid for folket og kongekrona.
Gubben vil også takka og gratulera;
ynskja det beste for den vidare ferda.
31.01.2016.M-m.

Google

10 kommentarer
    1. Oldemorbloggen: Takk. Noko må ein gamal skrøpeleg pensjonist beskjeftiga seg med, veit du. Men du veit, eg likar å snikra på ord og vendingar også. Det er vel ein slags hjernetrim det også.
      Ha ein god dag i snøveret…

    2. Eg vart storlegen imponert då du slo til med ordet Sjokolademousseserveringssted i Dagbladkryssordet, og når du nå dreg til med elleve vers i januardiktet, då vil eg kalla det for å ha ordet i si makt. Gratulere! Februar er årets kortaste, men eg reknar med at du finn nok stoff til eit februar-kvad. Ha ein fin vinterdag!

    3. Pedro: Ja, den dagbladkryssen er utfordring jeg sjelden overkommer, men et og annet drypp kommer det.
      Ellers antar jeg at det kommer fengende saker ned på papiret denne måneden også, men elleve vers er i meste laget.
      Her regner og blåser det, håper snøen er tørrere hos dere.

    4. en skikkelig flott oppsumering for januar måned,ja la oss ønske vår norske trone lykke til videre,så får vi være glade for att vi slipper sirkuset som usa har i sin leten etter ny overhoet h hi

    5. fruensvilje: Ja, amerikanske tilstander må vi i alle fall forskånes for. Håper at våre fremtidige kongsemner lever opp til våre forventninger og at de kan føre vår styreform videre…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg