Veromslag ute og inne…



Google

Etter to –  tre fine verveker har det no grugna til og vind og regn står på meteorologane sin meny no om dagen. Då er det kanskje på sin plass å grava fram eit “gamalt” rim og senda det ut i skoddedagen…

Gråversdag.

Det byrjar om morgonen i speilet.

I dag er det uver i alle glas

skrukker og buster er ingen stas.

 

Regnet og vinden piskar mot ruta.

Så ber det opp i stova.

Skulle vel helst ha fortsett å sova.

 

Med brillene fulle av fett og flekkar

slit du med di avis.

Ja ? ja, alderen har sin pris.

 

Så er det klårt for frukost.

Der fins ikkje reine mjølkeglas.

Nei, dette var då ingen stas.

 

Då kjem dagens store opptur.

Du set deg inn i din bil.

Viskaren virkar ? utan tvil.

01.03.2009.M-m.

2 kommentarer
    1. Dette er nok ord for dagen for fleire enn deg. Her er det Holmemkolltåke så eg knapt ser bort til fuglebrettet. Men kanskje det er bedre enn det som ventar oss; du får besøk av Jonas, og eg får det varsla regnveret. Ha ein fin dag i gråveret.

    2. Pedro: Ja, no kjem det vel meir for eg spandeRte 300 kr på bilvask i dag. Jonas har eg ikkje fått med meg, men eg merkar han vel når han kjem. Er det restane etter det som ligg i snøfonner borte i junaiten?
      Du får leva som best du kan i mildveret…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg