Prompedyrekjøt…


Google

Prompeprat?

Asbjørn Kristoffersen, skribent i BT, tar av og til for seg, og vinklar saker i tida frå heilt andre ståstader enn nyheitsjournalisten. Han er vel verd å lesa.
I dag tar han så for seg temaet luftforureining, og han introduserer her eit nytt ord, nemleg prompedyrekjøt. Det har fått meg til å fundera litt vidare på denne dyreprompen.
Den kjem nemleg frå dyra som produserer det ufyselege raude kjøtet etter at dei har jafsa i seg alkens grøntfor frå eng og høyballar. Dyra som produserer dette kjøtet produserer også rap og promp dagen lang, og det seies at dei skjemmer ut lufta me pustar inn med store mengder metangass.
Huff og huff?Me et kjøtet saman med dugeleg med rotfrukter, og kanskje litt erterstuing, og kva skjer? Jau, me bles ut avgassar i båe endar og ureinar nærmijøet med både lukt og giftgassar.
Moralen er då. Slutt å eta raudt kjøt, rotfrukter og erterstuing. Gå over til kjukling. Han er såpass genmodifisert eller fora så han treng berre 30 dagar før han er gryteklar, og på den tida rekk han ikkje å senda ut store fjerten. Så får det heller våga seg om han vert dårleg til beins og plages med vekstsmerter?han sparar natura og miljøet vårt.
Det nyttar visst ikkje å verta veganar eller vegetarianar heller, for inntak av frukt og grønsaker har visst same innverknad på oss som graset har på kua.
Jaja, same kva ein gjer så er reva bak, seier dei, og det nyttar  ikkje berre å stengja at kranen.
Nei, eg trur vel at vårt bidrag til å reinska lufta får verta at me kuttar ned vedfyringa til rein helgekos, og så får me ta fram sykkelen nå det vårast i liene, i tillegg til at me held oss unna rotfrukter og erter.
22.01.2016.M-m.

Google

12 kommentarer
    1. ja en kan vist bli fortvila når en leser slikt.Økt forurensing men stadig færre bønder,kan umulig være der problemet med lufta ligg nei,men noen må jo dei legge skylden på ))
      i dag skal vi kose oss med taco fylt med både rødt kjøtt og rikelig av grønnsaker og kvitost )) ha en fin fredagskveld

    2. fruensvilje: Helt enig. Det er kanskje ikke på bøndenes produksjon miljøkuttene bør komme først og fremst, og vi spiser rødt kjøtt når vi føler for det – med god samvittighet til og med.
      Men i kveld blir det å pille reker, det skal bli bra, så får vi ta det røde kjøttet i form av kjottkaker med erterstuing på søndag.
      God helg til dere.

    3. Har ikke tenkt så mye over det med miljøet…men merker helt klart at noe mat blir man mer “prompete” av…så får holde seg unna det om en skal i fine selskap..hehe..
      God helg :))

    4. I dag er det ei yrkesgruppe som er glad; kvalfangarane. Islendingar og japanesarar lever godt og blir friske og gamle, og dei bryr seg lite om fy-ropa frå Walt Disney verda. Dei haustar av naturen. Eit liv er eit liv om det er sau, ku, kjukling eller kval. Kvalen et korkje silofor eller gras, og han fis ikkje! Ha ein fin dag med eller utan raudt kjøt.

    5. Anonym: Det vert stress om ein skal fylgja alle synsingar som strøymer på oss fra omverda…Då kan det vera greitt å kvikka opp kvardagen med sideblikkk på noko av det ein høyrer, og avisinnlegget om dyreprompekjøtet var både morosamt og inspirerande.
      Det vert vel ei heller vindfull helg både på Stord og her oppe,,,nyt helga.

    6. Pedro: Det vert med raudt kjøt, i alle fall på sundag. I kveld vert det reker. Det er vel best å fortæra sjømaten før han kjem på raudlista…
      Kval og fising har eg ikkje greie på, men kvalkjøt er godt, og er ein varsam med grønsakene skulle vel ettermiddagen gå utan for store metanutslepp.
      Ha ein metanfri kveld!

    7. Ha-ha….nei kjuklingen rekker nok ikke å slippe store fjerten på de fem ukene….Personlig tror jeg vel at biler og fly står for en adskiliig “verre” del av forurensningen enn fjertinga fra folk og fe,,,,,,men jeg har jo ikke forsket på det ,da….. 😉

    8. karidansen: Jeg er enig med deg, fly, båter og biler er nok større syndere enn kua, men når forskere og andre froståsegpåere skylder på kua og det røde kjøttet skurrer det litt i mine ører.
      I dette spillet med miljømål, forurensingskilder etc er det lett å kjenne seg overkjørt. Men den aller største forurensingskua befinner seg nok i Nordsjøen og Barentshavet, men den kua er like hellig som kuene som lusker rundt i gatene i India!
      Ha en fin week-end…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg