Julemat til pest og plage…


Google

Ja, no ber det mot jul med sjumilsstøvlane på og skal du ha billeg juleribbe no er det berre å springa på krambua. Der høyrer eg at ho enkelte stader går for kr 14,90 for kiloen. Bønder og bondeorganisasjonar raser og tykkjer at denne juledelikatessa er alt for billeg, og at den prisen gjer at me som forbrukara ikkje skjøner kva det kostar å produsera mat.
Hallo! Trur bøndene at me er undermålarar, og dessutan ser me jo dagleg at kjøtprisane heller ligg mellom 200 og 300 kroner kiloen, og det er på det ufyselege raude kjøtet som kjem frå dyr som fis ned verda med metangass som trugar klimaet og framtida vår. Sjølv får me vel også plaga oss med å halda inne den vesle fjerten som vil truga seg ut etter eit godt måltid med kål eller ertestuing, alt produsert av dei fornærma bøndene.
Attende til julematen. Kanskje me med den låge svinesteikprisen ser oss råd til å fora hunden vår med med kjøtbein med litevetta meir kjøt på.

Google

Ja, og så sel dei risgraut til to kroner pakken. Felslege greier det også, men då kan kanskje nissen ta seg råd til å laga seg graut sjølv i staden for å tvinga i seg den kalde og rotteetne grauten me set ut til han på låven på julafta.

Eg kan ikkje fri meg frå å nemna peparkakene heller. For ei stund sidan, det var visst tidleg i oktober, kjøpte eg ein boks peparkaker for å fylgja opp juletradisjonen med å starta opp jula saman med dei fleste andre, nemleg i starten av oktober. Eg opna boksen, og kva dukka opp der? Jau, ein full boks med med peparkakemenn med berre ein fot. Eg har lurt og spurd kva denne feilproduksjonen skulle tyda på, men har rett og slett kome til at det må vera eit sparetiltak. Ein sparar jo mjøl og perar med slike amputerte kaker. Ja kanskje gjev det ein miljøgevinst også, kva veit eg…

Google

Medan eg er i peparkakeland kan eg ikkje unnlata å nemna forsvaret sine peparkakekunster. Her har dei produsert boks etter boks med F35 (dei nye kampflya). Her er dei truleg i stand til å byggja 60 peparkakekampfly til 60 kroner. Kva skal me då med originalane som kostar oss 60 – 70 milliardar. For denne innsparinga kunne me fått 10 – 15 store museum inne i tigerstaden og kanskje til og med strødd ut to .- tre bruer ute i distrikta så dei kunna halda kjeften sin att der ute.

Ja den julestrida, til besvær for bønder, for Forsvaret, for peparkakeprodusentar…og så ikkje minst for gubben som ikkje kan greia å finna på noko vetigt til frua. Førebels har han landa på ein boks F35-peparkaker. Då kan ho i det minste ikkje bomba han til å finna fram støvsugaren…

6 kommentarer
    1. Reitan har alt forkynt at prisreduksjonen før jul, den skal takast igjen med prisauke i januar, så me veit kva me har i vente. Når no bøndene misser subsidiane til produksjon og eksport av Jarlsbergost, då er eg spent på kva mottrekka blir. Og når det gjeld musea i Oslo så burde ein teke vare på det ein har, til dømes Sjøfartsmuseet og Nasjonalgalleriet (for Munch-kunst), i staden for å bygge fantasibygg nede i «sumpen» bak Østbanen.
      Dersom du ikkje har dreiebenk, då ville eg kjøpt den som julegåve til kona. Det var berre eit forslag.

    2. Blir vel juleribbe her også, men ikke til den prisen du nevner.
      Ellers serverer vi pinnekjøtt en av dagene i romjula. Den er ikke kommet på
      billigsalg ennå. Her øst ligger den en drøy femtilapp over fjoråret.

    3. Pedro: Ja, kulturinstitusjonene inne i tigerstaden lir nok litt av operabyggkompleks. Kven vil ha noko mindre enn det?
      Godt du minte meg om Jarlsbergosten og dreiebenken, men gåve til frua er allreide i boks. Ettersom ho følgjer med på bloggen lyt eg teia med det her, men dreiebenk vert det ikkje.
      Ha ein god adventskveld, men ver varsam med lysbruken…

    4. Broder’n i øst: Men du har vel bruk for surkål, og den ser eg ein kan få for 2,- kr no…Likevel vil eg tru at jula kan koma til å kosta skjorta av oss. Nei, no er det på tide at dei prisar ned akevitten også – då vert det verkjeleg jul…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg