Ein feriebetraktning…


Google

Ferie og Fritid?

Ein feriestad vil alle ha,
kor ein kan kjenna deg nøgd, fri og glad.
Sume likar fjellet med snø og sol,
andre paraplydrink og liggjestol.
Mange elskar bading, sjø og båt.
Andre som katten, vil ikkje bli våt.
Nokon trivs best oppe i skya,
langt borte frå brautande by?a.
Klatring i fjell er også feriesport,
mange vil berre gøyma seg litt bort.
Litt borte frå kavet og kjaset,
borte frå stobystresset og kjaset.
Fri seg frå den moderne fartsfylte verda,
vera seg sjølv på ferieferda.
Få tid til ei stund for seg og sine,
utan å måtta fylgja alle dei hine.
Heilt enkelt, berre gjera det ein vil,
og nyta dagen, og at ein er til.
21.11.2015.M-m.

2 kommentarer
    1. ja her fikk du med mange koslige feriesteder :)) og jeg liker flere av dem jeg ja.I det lange løp er det nok fjellet som frister meg best,det er noe med følelsen når en står der oppe på toppen,etter å ha slitt og svettet oppover fjellsiden,belønningen er en ubetalelig utsikt utover fjell og fjord 🙂

    2. Denne gongen trur eg du har full klaff med ferievalet. I Bergen ser eg det er spådd rikeleg med regn i lang tid framover. Sjølv fekk eg tilbod om førejulstur til dejlige København, men eg lot meg heldigvis ikkje freista. Der vart det snøkaos. Ikkje før har handelsstanden fått innført Halloween så kjem dei med Black Friday, og den dagen skal vare heile veka.
      Ynskjer deg og fruen eit par fine avslappande førejulsveker i “Syden”.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg