Da Capo…

Når eg ser ut glaset og samstundes tenkjer på året som snart ebbar ut, tenkjer eg at det kan høva å republisera eit rim eg skreiv i 2011. Som de vil sjå er ikkje dei klimamessige endringane så store. Ja sett bort frå vårfrosten i 2011 då.
Så attende til det eg ser gjennom glaset i dag, det kan samanfattast i tre ord.: Vind, regn, skodde. Då er det godt å vera pensjonist og sleppa å tenkja på å gå utom døra, samstundes som ein kan gle seg til 14 dagar i sol og varme.

Veråret 2011.

Dette året har bydd oss så mykje,
men mest av alt, uroleg ver.
Er verlaget no styrt av han Tykje,
og har han i år vore sur og sær?

Det starta med frost og snø.
Me baska lenge med kulde og is.
Ville det aldri spira på vår bø?
Skulle me ikke få kjenna vårleg bris?

Sumaren gjekk med regn og vind,
det surkla i klær og sko.
Me sakna dei ljose sumarsinn,
og sumarhabitten fekk ligga i ro.

Me ynskte oss så ein herleg haust,
med vakre fargar og måneljos.
Men stormane bles bort fast og laust,
og gav oss slett ingen førjulskos.

Me lyder til fredspriskonserten
i vår kveldsfreda stove.
kva glede gjev  underhaldningseksperten
når uværsgudane aldri vil sove.

For her flerrar lyna i eitt framfor glaset
og lufta er fylt av torebrak.
Sjølv katten skremest av uverskalaset,
og alle er glad dei er under tak.

Men gå ikkje rundt som ein grå pessimist.
Gløym dette traurige året.
Sats på at neste års godversgnist
vil vara og varma. Du sler ut håret!
12.12.2011.M-m.

 

8 kommentarer
    1. Fredspriskonserten? Har den vore, tenkte eg, forsto ikkje heilt dette. Det andre stemte slik omtrent, før eg såg datoen 12.12.2011. Soga gjentek seg og god var du til å dikte i 2011 og. 🙂

    2. Oldemorbloggen: Nei, fredpriskonserten hadde eg ikkje oversikt over, så dersom det stemmer har eg hatt flaks. Elles teikner det til at veret desse to åra har vore og vert omtrent det same. så det freista til å publisera åndsverket…
      Ha ein fin kveld…

    3. At det var ille i 2011, det hadde eg alt gløymt. I år hadde eg 6 veker i juni-juli på nordvestlandet, og eg fyrte på peisen mest kvar dag; ein dag hadde eg skikkeleg sumarsver. Men så har Vårherre ordna det så viseleg at me gløymer så lett; me skal vera takksame for at mykje går i gløymeboka. Hadde me hugsa alt, då ville me nok knela under børa.
      God natt i ruskeveret!

    4. Pedro: Det var den traurige sumaren i år som trigga meg til å grava fram vermeldingsdiktet frå 2011.
      Det er berre å vona at diktet kan gå i gløymeboka, men det spørs om vergudane let oss gjera det…
      Ha ei roleg måneskinsnatt…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg