Ja, den hausten…


Google


Haustteikn.

Eg ser ut glaset.
Det bles,
det regner,
dagen vil ikkje kome fram,
natta vil ikkje sleppe.
Men eg tek det med knusande ro.
Alt skal ordna seg no.
Det seier politikarane våre.
Det er valkamp.
Me gamle skal enno ein gong
få kjenna varme hender,
og få einerom på «heimen»,
nett som i fengsla.
Ungane skal få ein god skule,
gode lærarar,
og lærarane skal få gå på skule.
Så skal me få eigedomsskatt,
men me skal få skattelette og.
Grønfargen som me alle skal få
skal finansierast av oljepumpene.
Me skal også få sjå skrytevideoen
til Anundsen,
eit Frp-bidrag i valkampen?
Me får også politisk mannjamning
der det er viktigare
å svartmala andres sin politikk
enn å snakka om eigen.
Jaja, sjølv om haustmørkret sig på
skal dagane våre verta lysare,
dersom me skal tru lokketonene
frå løvehola.
Kor bra skal me ikkje få det no
her me sit på gulltrona
med sølvskjeia langt inne i munnen.
God haust, godt val?25.08.2015.M-m?


Google

4 kommentarer
    1. Av og til ynskjer eg meg eit to-parti system, nokolunde som i USA. Då hadde valet vore enklare. Men når ein ser kor dei greier å rote det til, då forlet ein den tanken. Tenk deg Donald Trump som president.
      Nei, ein får slenge inn konvolutten som før om åra – og vone det beste. Ha ei god upolitisk natt!

    2. Pedro: Ja, denne natta skal verta både upolitisk og ukomplisert, men om søvnen kjem – det vil berre tida vise.
      Og Trumpen til president, dei er gjerne så galne og der borte, at dei finn på noko slikt.
      Apropos val, du må hugsa kyrkjevalet ogso.
      Du får mykje å tenkja på denne natta. Lukke til med søvnen…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg