Ferierefleksjonen…

Ein vestnorsk ferierefleksjon.

Når vestlendingen skal på ferietur
møter han fyrst bilettøren sitt skur.
Han startar ferien i ferjekøen,
skodar spent ut over sjøen.
Får han plass på fyrste båten
eller står han att halvt på gråten
og venter  på neste tur,
held motet oppe, vert ikkje sur.
Regnet piskar og vinden bles,
ungane kranglar og kjerringa les.
Så får han endeleg bilen på plass,
står snart og trippar i køen til dass.
Sidan står han i svelekøen,
litt mat må til når ein er på sjøen.
Gneg på svela og kikkar ut glaset,
prøver å svelja stresset og maset.
Snart er den korte ferjeturen over
og der sit han i stolen sin og sover.
Så er det full fart nedatt i bilen
Vegskilta seier.: Følg den gule pilen!
Han startar og føl bilfergestimen,
bilkøen varer mest heile neste timen.
Brått står han i kø ved neste ferjeleie
Kona gjespar og ungane er kjeide.
Då lurer han på, vil eg ha det slik.
I ferjekøar og køyring rundt kvar vik.
Ein tanke i hovudet hans tek til å gry.
Neste ferietur vil han sanneleg fly?
Men så kjem han i hug «dei grøne»,
å flyga er pyton, må han skjøne.
Så dukkar han opp, den store tvilen.
Er flyeksosen skitnare enn ferjene og bilen?
Nei, han bryr ikkje hovudet sitt med slikt,
let ikkje ferien bli ei miljøkonflikt.
Så neste år sit han atter i køen
og ser etter ferja der ute på sjøen.
11.08.2015.M-m.

10 kommentarer
    1. Oldemorbloggen: Huff ja, det vart kanskje litt negativt vinkla, for ferjeturane kan jo vera avslappande og full av opplevingar også, men likevel…Me har nok av dei!

    2. Ferge kan være både positivt og negativt,må mann ta ferge blir det nok kjedelig kan mann ta ferge for å komme fortere til mål er det kjekt,for hvermansen er nok et fergefritt alternativ høgt på ønskelista til dei fleste tenker eg :))

    3. fruensvilje: Jeg er nok litt mettet på ferjereiser ettersom jeg daglig brukte ferje til og fra jobben i ca 20 år (25 min hver vei). MEN dermed ikke sagt at ferjereiser ikke kan være interessante og kjekke avbrekk på en lang biltur. Sikkert også spennende i turistsammenheng.
      For meg blir ofte starten på ferien i en ferjekø en dårlig start.
      Ha en ferjefri dag…

    4. karidansen: Takk. Kjekt at du likte det jeg skrev. Du vet at vi vestlendinger er vant med forskjellig på ferjene. Av og til renner det litt over også…
      Ha en fin dag.

    5. Hadde me ikkje hatt denne forbaska bilen, då kunne me greidd oss med gamle “Dampen”. Det var ei anna tid og eit anna liv, som me ser attende på med blide auger i dag, men som og hadde sine utfordringar. Problemet i dag er at me ikkje har EL-bil, då hadde lommeboka hatt det betre. Men mange takk for velskrivne ord.
      Så får du fylla bensintanken og legga til fjords etter krabbe og andre delikatesser!

    6. Pedro: Nei, det er for gale Pedro. På ferja frå Molde til Tautra (trur eg det er) får ein ikkje ein gong kjøpt ei svele lenger. Høyrt slikt – og so der oppe i sveleland!
      Og EL- bilane. Her rekk du ikkje fram til fyrste rasteplass ein gong før du må innom ein eller annan bonde og tigga straum. Stakkars oss!
      Ha ei svelefri kaffistund…

    7. No er me så heldige at ferja til Sandøy høyrer heime i Torghatten (Tromsø), så der finn du svela på plass. Matrosane steiker svela vår, medan moldingane (eller moldensarane som dei no har byrja kalla seg: fint skal det vera) krev svele steikt av fagfolk.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg