Danmark er eit sykkelland og sykkelen kan godt lysa opp i terrenget…
…og her er prakteksemplar av sorten. Legg merke til det gule sykkelkjedet. Der er ikkje mykje smurning, trur eg.
Om han kan syklast på veit eg ikkje, men å lysa opp i gatebiletet, det gjer han.
At ølet kan målast i flasker, halvlitarar, pints etc etc veit me, men her har danskane gått eit steg lenger. Dei måler no ølet i metervis.
Dei gjev også begrepet fuglekasse ein ny dimensjon. Her får vel til og med hakkespetta ei utfordring med å utvida tilgangen.
Nei, der var ingenting inni – nyskjerrigper!
Narren heng navnet sitt på alle veggane, så her har Ola nordmann markert seg…Huset var forøvrig til salgs. Skjønar godt at danskane ikkje ville ha det slik det står fram her!
Ein vakker og frodig hage midt i byen…
Medan vår hagehortensa framleies står i knopp ser de kva ein god sumar har gjort med danskane sin…
Til sist laut eg ta med fyret ute på grenen og fyren som hadde lurt seg med på biletet…
nydelige bilder,en fin miniferie fikk dere iallefall
fruensvilje: Takk. Ja, det ble noen fine dager med venner…
Eg må seie du haddet mange fine blinkskot i bildene dine. Likte godt den sykkelen og fugleburet, for ikkje å snakke om øl i metervis. Den var original. 🙂
Oldemorbloggen: Du veit at skråblikket på omgjevnadene gjev av og til utteljing, og det lyser også opp i gatelandsskapet med alle klesutstillingane…Ha ein fin dag.