I dag såg eg….

…tørr asfalt. MEN, roa deg ned, det var berre under bilen då eg var ute og henta avisa. Rundt bilen plaska det!

Nei, det var turen eg skulle skriva om i dag.
Etter ei god, men kort natts søvn på Thon-hotellet i Kristiansand var det opp ved 6-tida for å koma seg ombord i Superspeeden til Hirtshals.

Her var det berre å setja seg godt til rette i liggjestolen og nyta avisa og overfarten som gjekk unna på vel 3 timar, og dit me kom skein både sol og temperatur.

Som de ser skin sola i hotellhagen på Colorlinehotellet i Skagen. I bakgrunnen ligg badegjestene og solar seg. Nærare sumarhimmelen har, i alle høve ikkje gubben vore denne sumaren.

Altså vart Skagen målet for blåturen vår, og som de ser fins det rikeleg med gjester rundt restaurantborda.

…og mastetoppane vitnar om stor aktivitet av besøkande båtar i havna. Gubben i bakgrunnen går ein tur rundt og beundrar farkostane.

Aktivitet er det også blant måsen som leitar fram og sluker restane frå siste trålhalet til mykje skrik og skrål.

Utan mat og drikke osv…Maritim mat var sjølvsagt meny i Skagen, og desse handreinska rekene var prima.

Gubben laut ha grilla raudspette, og den stod ikkje tilbake for rekene. Drikkevarene snakkar me ikkje meir om enn at den som har vore i Danmark sikkert har fått med seg at danskane kan dette med ølbryggjing.

Ein tur på museet er også obligatorisk når ein er i Skagen, og kunstverka til skagenmalarane er noko av det ypperste av målarkunst frå forrige hundreåret. Det spesielle ljoset på nordspissen av Danmark har trylla fram mange gode bilete.

Grenen er det nordlegaste punktet på Jylland og ut dit laut me gå. Gubben laut ha hjelp av ein strandbuss, men kan likevel skryta på seg at han har vore der ute.

Eit dansk fyrtårn laut me også få med oss. Dette står på Hirtshals/Fyrklit.

Etter tre dagar tok Superspeeden oss heimatt, og på vegen heim…

…vart det kjøttkaker på Haukelisæter. Der fekk me ei kjølig påminning om at ikkje alle stader kunne skilta med sol og strand. Sjølvsagt har fjellivet også sine kvalitetar, men som de ser, er her visst i overkant mykje snø i år.
Eg kan ikkje dy meg, for då me hadde pasert Kvamskogen på heimveg møtte me den våte asfalten att!!

Men turen til Skagen vart eit behageleg avbrekk i det traurige sumarveret i Øygarden dette året.

 

 

14 kommentarer
    1. Trur eg står over den sommaren din, såg ikkje spesielt sommarvarmt ut i det store og heile. Heilt til Skagen for å leite etter turrver, trur eg ikkje det blir med oss. I morgon er det meldt finver, då tek me ein minbiltur til Brandasund, for å ete god mat på ein namngjeten etestad der. Er me så heldige at sola viser seg, så blir det full treff.

    2. Oldemorbloggen: Nei, over 25 var det ikkje, men ikkje langt unna heller. Brandasund er vel bra i godt ver, så lukke til med morgondagen. Me vert antakeleg verande på terrassen her ute på øya vår – bra det også i godver.

    3. Her skinner solen i dag, fra skyfri himmel. Fruen er på jobb og jeg jobber hjemme.
      I kveld blir det vel å se på en meteorittsverm. Ingen skyer her.

    4. ..hehe..bare tørt under bilen ..uff…Her er det sol i dag :)) Så fine bilder fra turen og maten så veldig god ut 🙂 Var i Skagen en gang da guttene var små, veldig koselig..men vi fikk ikke vært ute på Grenen..husker ikke hvorfor, for det er jo noe en gjerne vil ha med seg når en er der :)) Fin dag videre :))

    5. annebe: Endelig er det tørt ute på asfalten også, så det bedrer seg nok nå for en dag – eller to, og det tar vi imot. Kanskje blir det vær for en ny fisketur i morgen sammen med barnebarnet.
      Ha en fin kveld…

    6. trasigt med så masse våt asfalt da,det har no vi vært sprte for her inne i fjorden 🙂 da er det greit å bare kunne ta en blåtur til varmere og tørrere himmelstrøk 🙂 det var dere vel undt ja,og det såg no virkelig koselig ut også da

    7. Siv Svanem: Ja, vi trives godt der – en passelig blanding av båtturisme, småbyliv, kunst og kultur- og ikke minst, bra fiskerestauranter.
      Til slutt…Til tross for gode meldinger, vi venter fremdeles på solen i dag…

    8. No Prescription Meds Overnight Cheapest Levitra 20mg [url=http://exdrugs.com]viagra[/url] Viagra 100mg Filmtabletten Apotheke Amoxicillin Dose Pedriatic Se Puede Comprar Levitra Sin Receta Medica

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg