Kvar vart han av…?

Kvar vart han av??

Kvar vart han av,
sumaren?
Ein ser ut glaset,
berre gråe skodderøyken.
Landet som spegla seg
i vassflata i går,
er borte.
Den klåre sumardagen
er historie.
Sola er borte,
varmen er borte.

No sit me vår lit til
at meteorologane
og Vårherre
kan leita fram att
sumardagen for oss.
Medan me venter

har katten og eg
funne oss ein god stol.
08.07.2015.M-m. 
 

8 kommentarer
    1. Metrologane trur eg har lita evne til å påverke veret, Vårherre derimot, viss ein er sterk i trua, kunne nok fikse litt meir sommar, om han vil. Har du fått deg ny katt, eller er den lånt?

    2. Oldemorbloggen: Me har kattepensjonat for tida. To kattar å halda styr på for dei yngre som er på ferie. Men det er gildt med katteselskap att.

    3. Vårherre har det nok andsamt om dagen; ingen er nøgd med det veret dei har. Han har nok høyrt på professoren i Trondheim som tykkjer at folk som er misnøgde med +15, dei er dumme, so då so. Smart og kald, eller dum og varm. Eg veit kva eg vil velje.

    4. Pedro: Du må tru på vårherre og professorar som har greie på intelligens. Her.kosar me oss i 11-12 grader og skoddevatn, så her er både intelligens og humør på topp. Nordavind og kjøligare i morgon. Herleg sumar.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg