Det stundar mot val…


Google

Den måtte koma ein gong, Innføringa av forskjellsskulen. Eg har venta på det lenge. Det har tid om anna vore framme i avisene synspunkt på at elevar med spesielle teoretiske talent skulle kunna utvikla desse innafor eller i tillegg til den offentlege skulen. Det har vore svært vanskeleg å få dette til, og i argumentbunken har dette med “enhetssloken” lagt langt framme. Rett nok har det vore enkelte motviljuge tilbod, men lite systematikk i det.

Men kva ser eg i dag. Jau, i Bergens Tidende på leiarplass, kjem forslaget til å løysna på gamle fordomar. Endeleg, tenkte eg, no skal dei teoretiske talenta få utvikla seg litt friare innafor ramma av skuleverket.
Men kva ser eg. Jau, det er talent i idrott og kunst som skal lyftast fram og gjevast spesialhandsaming, mattefaget er ikkje nemnd !
Ettersom me har rykt ein divisjon ned på den europeiske friidrottsserien kan det vera greitt med statleg hjelp til å koma oppatt.  Nei, mattefaget er ikkje det faget som får flest sjåarar framfor TV-ruta.
Vel, “framlegget” står å lesa i dagens BT, og kvar kjem det frå? Jau, frå arbeidarpartiet…

Google

4 kommentarer
    1. Har du høyrt på makan!! Det vil vel tvinga seg fram etter kvart, at dei med særskilde talent for det teoretiske får si eiga stad i skuleverket. Dei er jo ikkje såååå vanvittig mange, at andre med meir vanlege utrusta evner, skulle kjenne seg utanfor, tenkjer no eg.

    2. Oldemorbloggen: Heilt einig. Me er ikkje alle like,,og samfunnet treng i høgste grad at talenta får utvikla seg, ikkje minst dei teoretiske. Vonar at det vert betre tilrettelagt for det etterkvart. det vil, etter mitt syn vera eit betre politisk tiltak enn å opna butikkane på sundagen.

    3. No ser eg at den to-delte skulen hadde gode kvalitetar. Dersom ditt pensum vart keisamt kunne du hekta deg på neste årstrinn, i og med at storskulen dekte 4 årstrinn i same klasserom. Problemet kom i 7-klasse, når alt var lært og løyst på førehand. Då vart me sett til å trekka kvadratrot.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg