Er du også ein av oss


Google

Ein av oss som tykkjer at vedvarande regn og kulde no i snart eit halvår får vera meir enn nok. Me har nok sett sola innimellom, men då i små gløtt, nærast for å terga oss opp og minna oss på at ho er der, men ikkje for oss.
Ergrar du deg over at den eine dagen stort sett er lik den andre med vasstjukke og vind, og kjenner du deg av og til litt deppa over alt det dårlege veret. Du er sikkert ikkje åleine, men då skal du vita at du då tilhøyrer dei mindre intelligente.
Det har nemleg viskapen på NTNU ved ein professor ved psykologisk institutt der oppe synsa seg fram til. Han meiner, som dei fleste av oss andre at å kle seg godt og gå ut i ruskeveret kan vera ei positiv greie. Medan me døydelege kanskje tykkjer at ein regnverstur i ny og ne kan vera ei positiv oppleving, går det fram at han meiner at me bør gjera til ein vane å lika ruskeveret. Andre haldningar tyder på lågare intelligensnivå.
Han meiner også  at der er fire greier me kan gjennomføra i regnveret.

1. Peiskos og andre positive inneopplevingar (eg vågar ikkje heilt å tenkje på kva han meiner her).
2. Tenkje på at det er betre med ruskever enn med 45 grader varme. (me treng ikkje 45 grader professor, me har berre eit lite ynskje om å få sjå 20-talet nokre dagar før sola snur).
3. Sosialt fellesskap, kanskje med ei flaske vin (kva seier edruskapsnemda då om dette vert ei dagleg øving)
4. Fint å vera ute med gode klær i uværet. (men det hadde jaggu vore bra å fått teke seg ein tur i hagen i shortsen ein sumardag).

Eg må berre innsjå at mitt intellingensnivå ligg i det lågaste skiktet. Eg har lenge lurt på det, men denne våren og professoren sine analyser har bekrefta det. Så får me berre venta på at det vert forska på emnet, uver og intelligensnivå, og at toppetasjen til oss verskeptikarar kan lyftast litt ut or uversmyrkret att.

Ha ein dag utan uversykja og med aukande intelligens.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg