Mykje fint på stranda….

Å nei, nå må du ikkje la tankar og fantasiar ta heilt overhand. Ei sandstrand kan ha mykje anna å by på enn adonisar og nymfer. I alle fall for ein gamal gubbe som har passert “griskallalderen” med fleire tiår.
Her er fyrst eit bilete av stranda slik ho tok seg ut då me var det førre veka.

Som de kanskje ser var der bra aktivitet i vatnet. Ikkje rart, for sjøtemperaturen låg på omlag 25 grader.
Men det vakre eg vil visa er byggverka som sandkunstnarar sette opp i løpet av dagen og som me fekk nyta på strandpromenaden om kvelden.
Det vart fortald av ein av kunstnarane at det er berre sanden på Alcudia som har ein konsistens som gjer bygging av såpass store “skulpturar” mogeleg. Om det er rett veit eg ikkje.

Som de ser kan ein yta eit lite bidrag til kunstnaren på teppet framfor byggverket.

Som de ser er byggverket ganske stort. Eg fekk også kunstnaren med her.
Byggverka vart rivne ned kvar natt og nye sett oppatt dagen etter.

Ellers baud den daglege kveldspromenaden på andre visuelle godbitar som måneskin mellom palmene.

 

8 kommentarer
    1. Vakre byggverk. Mine forsøk har aldri vore vellykka, anten er sanden for turr, eller for våt. Nei, kramsnø er eit meir høveleg materiale, men eg får vona det går nokre veker før eg kan bygga snøhus att. I dag her vi faktisk noko som minner om sumar, og det heller sjeldsynt. Sjølv løvetannblomen har hatt tronge kår i år. Ha ein fin sumardag!.

    2. Pedro: I natt var det ned mot 0 grader. Fortset dette lyt eg vurdera å setja vinterdekka på att. Fekk beint fram lyst til å snu på flytrappa på laurdagskvelden, men ein får halda ut eit par veker til før ein set båten i vinterhi att. Nei, då var strandpromenaden på Alcudia betre…
      Nyt sumarsagen…

    3. fruensvilje: Nei du må antakelig ta med deg barnebarnet ned til Alcudia. Der reklamerer de med sand som egner seg for bygging av høye borger. Flott var det i alle fall…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg