Uten mat og drikke…

Alt skal prøvast, og i dag vart det japansk middag etter ein hard tur på ein marknad. Marknadsturen kjem eg attende til seinare, omeletten til lunchen der var høgdepunktet for gubben, for å halda meg til dagens tema. Fruene fann visst meir interesse i det som var bydd fram i salsbodene.
Over til middagen.
Eg kan ikkje seia at menyen var kvardagskost for gubben, men som de kan sjå var utvalet av sushivariantar stort.

Dette skal, ifylgje dottera kallast for Maki og Tempura maki.

…og her sit middagsgjestene med fiskebåten på bordet full av Sushi. Som de ser av dei smilande fjesa var maten velsmakande. Men OBS ver varsam med den grøne tilsetjinga i soyasausen, Wasbi kallast det visst. For mykje av den kan koste litt for mange glas med Sake som i sin tur kan skapa problem for navigeringa på heimvegen.
Vel, me heldt oss unna begge desse stoffa så heimturen gjekk utan vanskar.

15 kommentarer

Siste innlegg