Mykje Magnus i dag…

I serien moderne feiringsunskuldningar er det no innførd såkalte navnedager. Eg kan ikkje hugsa at me markerte slike dagar i “bronsealderen”, min barndom.
Men som den moderne mannen eg er skal dagen feirast med napoleonskake og kaffi på eit lokalt etablissement . Nok om det.

Så er det også Magnusmesse i dag, og då lyt me heisa både det gamle og det nye flagget til Orknøyane.

Google. Det gamle flagget

Google. Det nye

Magnus Erlendsson, født ca 1080 var norsk jarl på Orknøyane saman med syskenbornet Håkon Pålsson, men då som no gjekk slike samstyre dårleg, og løysinga var ikkje rettssalen, men øks og sverd, og Magnus vart drepen.
Seinare vart Magnus kanonisert og Magnuskatedralen i Kirkwall er bygd til hans ære. 
At Orknøyane og Shetland seinare gjekk som pant for medgift til Skottland då Christian 1. ville gifta seg med ei skotsk prinsesse er ei anna soge, Men kongane var visst raus med land på den tida når dei ville ha seg kvinnfolk.

Google
Her er den stolte katedralen.

Google
…og her står Magnus på ei statue, kanskje i Nidarosdomen, eg er sanneleg ikkje sikker.

Så må eg ikkje gløyma at denne dama er 75 år i dag.

Me gratulerer den danske dronninga med dagen…

Som tidlegare antyda etlar gubben seg ein tur til varmare strok no til helga. Då kan de som sit att her heime ta fram sumarkleda for då kjem sikkert varmen.

Google
Gubben kjem ikkje til å leiga båt der nede, så ta det berre roleg…

 

5 kommentarer
    1. Treff du på slike damer, som på det nedste bildet, må du ikkje drøyme deg fullstendig vekk. Godt du har ei kåne som kan halda deg på plass, viss blikka blir for lange.

    2. Oldemorbloggen: Det er ei tid for alt, kanskje også for slike damer, men eg har dame med meg så eg står sikkert ikkje i fåre for “grunnstøting”.
      Underbergeren meiner eg at du omtalte i samband med lavoopplergget, om eg ikkje minnest feil.

    3. Slik skal ein stødig mann tale, den likte eg. Du har god hugs, eg har sikkert omtala nemnde drykk, etter mitt vet noko som smarkar ein mellomting mellom surhå og gyller, utan at eg har smak nokon av delane.

    4. – so vida ikring dei Fuglarne fer -, skreiv Sivle om tankane sine. Det blir kanskje det for deg og på bassengkanten, men du får legga deg på magen og bruka solbriller, dei løyner det meste. De får i alle fall ha ein god tur, så får me sitja heime og nyta godveret.

    5. Pedro: Ja, veret vert nok godt no som me fer sørover, det pla vera slik. Men maten der nede er god og raudvinen billeg, og med vame attåt vert det nok bra…
      Ha godt vårver i tigerstaden…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg