Fy flate for ein tidlegvår!!!

Huff?

No kjennes det mest som me har levd i ei kaldsleg vassbyge sidan årsskiftet. Ein og annan dagen med ei bleik vintersol har det vore, men no trur eg at me omsider fortener eit veromslag.

Og det kjem heilt sikkert no ettersom gubben har tinga seg ei veke til varmare himmelstrok. Det brukar å ordna seg med godver når han forlet gamlelandet.

Det hende i alle fall i fjor på denne tida då han rømde gamlelandet for dei kalde vassbygene. Sjå berre på «åndsverket» under. Det vart skrive før turen til Lanzarote i fjor? 

Good-bye drittver.

Så har kjerringa vorte lei,
og gubben attpåtil vrien og sur.
Uversvinteren inspirerte dei
til ein uplanlagd sydentur.

Gubben hadde snautt vakna i si seng,
då kjerringa kom med billetten.
«Om to dagar ligg du ved eit basseng,
ligg ikkje der og ver morgongretten».

No vart det fart i ein gamal skrott,
sumarkleda laut leitast fram.
Gløymt var stillongs, skjerf og vott.
Nei no laut han roa ned med ein dram.

Raskt var kofferten pakka til toppen,
godt assistert av frua.
Kjende han yngdes, den gamle kroppen,
som no skulle få sol på hu(d)a

Snart sto han på Flesland strigla og klar,
i sin fargerike sumarhabitt.
No gjev han han vinterdrittveret svar,
dreg ned til sola med seg og sitt.
19.03.2014.M-m.

8 kommentarer
    1. Jeg må nesten begynne å følge bloggen din 🙂 gå inn på bloggen min og trykk “legg til som venn” så kan vi følge hverandre 🙂

    2. Oldemorbloggen: Ja, eg er viss på at du kan venta deg eit par veker med sol og sumar no, så fram med badeutstyret.
      Einaste haken er at eg har bestelt husmaling medan eg er borte, og då plar det hølja ned.
      Ha lettare verdagar neste veke…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg