Google
Ein vakker dag.
Ein vakker dag
for deg.
er det?
Ein varm sumardag
Ein klår haustdag
Ein blenkjande vinterdag
Ein vonefull vårdag
eller er det,
Ein familiedag
Ein bestefar – eller ein bestemorsdag
Ein kjærastdag
Ein venedag
eller er det,
Ein kulturdag
Ein fargedag
Ein lesedag
Ein song – og – musikkdag.
Kva er din vakre dag ?
Vel deg ut ein dag
Gjer han til din dag i dag.
Forresten gløymde du
at din vakraste dag
er å gje andre ein
vakker dag ?
07.04.2010.M-m.
12 kommentarer
Her opplever vi mange av de dagene du beskriver så godt! Hilsen fra bror og svigerinne di.
Broren i øst: Jeg rota opp noen gamle skriblerier, og dette kom på lufta…
Her kan det svarast ja på mange av spørsmåla, også på det siste, dessverre. Der er nok det gode svaret ikkje alltid like lett å leva opp til. Kanskje ei slik påminning er til hjelp no når det nærmar seg jul?
JA: Det var nok gryande juletankar som fekk meg til å ta fram dette “diktet”. Kan vera greitt å tenkja på av og til når det susar rundt øyrene i julestrida, og ikkje minst minna seg sjølv om.
Eg må seia, som eg har sagt før, kor flink du er å få fram ting på ein fengjande måte.
I dag skal eg ha ein vakker pakke-inn-sjølvlaga-presangar-dag. Ha ein vakker dag vidare.
I dag er det bakedag. Om det blir ein god dag, det veit eg fyrst når til kvelds. Skulle det bli misslykka resultat, ja då kan eg starte med blanke ark att i morgon. Ikkje alltid det let seg gjera.
Pass fingrane når du tender det fjerde ljoset!
Oldemorbloggen: Takk for inspirasjonen. Den har vore litt fråverande den siste tida, men med ein god kommentar vert dagen litt ljosare. I dag vert det feiring av 70-års dag i veneflokken, så det vert nok ein venedag.
Ha ein fin førjulsdag sjølv om det ruskar litt ute…
Pedro: Bakedagar kan vera bra dagar, i alle høve om deigen smakar godt. Men, ver varsam med smakinga om du er i gong med gjærbakst..
Lukke til med bakedagen…
Så mange vakkre dager på en gang…:)…velger meg en vakker familiedag jeg for da blir det forhåpentligvis en vakker dag for de andre også…ellers er jeg veldig glad i en varm og vakker sommerdag..Men akkurat nå koser jeg meg med førjulstida..selv om jeg har hatt litt feber noen dager…Fortsatt god helg
annebe: God helg og god bedring. Her er det nesten en godversdag i dag, og den trenger vi nå etter nesten en måned med storm og uvær.
veldi fint :)) og du har så rett
fruensvilje: Takk, greitt å kunne sette ord på tankene som kommer…