Her kom visst jula før kjerringa kom seg ut or sengekvitlane.
Dette var kva som møtte meg i dag då eg kom ut for å henta avisa. Fyrst lurde eg på om eg hadde vore for hard på kvitvinen til krabben i går kveld, så laut eg pussa brillene. Men, nei – tomtegubben sto der framleis og vifta med armane i vinddraget.
Sjølvsagt laut eg ut og digitalisera julebodskapen. Så no er det sagt. Jula er straks over oss, så set i gong med førebuingane.
GOOOOOD JUUUUUUL!!!!!!
6 kommentarer
Det var jammen tidleg. Det var godt at årsaken til synet ikkje var overdriven kvitvinsdrikking. I kveld skal det nytast kvitvin og krabbe i denne heimen og, så spørs det om eg får nissesyn i morgon då…
nåja tomten kom no vel tidlig synes no eg da :)) men heldigvis har jeg ALLE julegavene i havn, så her stresses det overhodet ikke
Oldemorbloggen: Eg får snakka med naboen og høyra om han ikkje skulle ha ein nisse til overs. God krabbefest!
fruensvilje: Eg misunner dei som er tidleg ute, men me er vel på veg til havna, me også.
God helg.
Hjelpe meg, det var da vel tidlig. Og litt i overkant? Jeg får frysninger av sånne lys folk har på terrassen som blinker. Det er såvidt greit med sånne som lyser, men sånne som blinker og skifter farge, grøss.
A: Det var både tidlig og stort – alfor stort. Jeg kan også styre meg for blinkende glitter og nissefanteri.
Her pleier imidlertid å være et par tre hus her i distriktet som er heldekorert med lys og girlandere. Når det er så få, og det er så gjennomført, blir det neste litt morsomt, i alle fall fargerikt.