Oktober 2014…

Whiskey on the rocks…

Minnet om denne gyldne drykken dukka opp i minnet ein gong eller to denne månaden, eller var det kanskje

…biletet av denne russiske ubåten av Whiskey-klassen som stranda i den svenske skjærgarden på 90-talet som rann deg i hugen, no som svenskane på nytt er på ubåtjakt.
Ja, det var ei av hendingane i oktober, nokre andre finn du under…

Oktober 2014.

Så er OL-diskusjonen terminert.
Folket sa nei til pampefesten.
Pengebruken kjendes malplassert,
IOC besto slett ikkje syretesten.
Eit parti torde ikke ta del i diskusjonen.
«Patetisk», karakteriserte dei konklusjonen.

Statsbudsjettet er no lagt fram,
til lags åt nokon, men ikkje alle.
Opposisjonen fyrer med brask og bram,
men regjeringa vil vel ikkje falle.
Formuestatten er ei heit potet,
her vert ikkje Siv alt folkets profet.

Doping er visst ein naudsynt sport
skal du verta best i kappestriden.
Med rett medisin går det retteleg fort,
syklar og ski får den rette gliden.
Du vinn og håvar inn prisar og ære,
og pengar så mykje setleboka kan bære.

Men er det?kje berre løgn og bedrag
å sprøyta fartsgifta inn i kroppen?
Med fare for at alt kjem for ein dag,
berre for å lura seg fram til toppen.
Men det er det leie, og det er det triste.
Hushovd tagde med det han visste.

Så har visst svensken fått ubedne gjester,
under vatnet sig dei inn.
Er det den russiske bjørnen som tester
den nyutvikla spionteknologien sin ?
Uansett, den som bankar på svenskedøra
skal melda frå før han stig opp i fjøra.

I Bergen syng dei ein bybanesong,
skal bana gå i dag eller i fjell?
No er også riksantikvaren i gong,
og han vil ha ein lang tunell.
Folket ferdast mest ute på gata,
men der er visst bana «persona non grata».

Så er det ei sak eg funderer på,
er me for opptekne av gamletida?
Einkvan stad må notida få gå,
Tidene må kunna leva sida om sida.
Nei, lat bana få køyra ute i det fri,
og vera til hjelp for den nye tid.

Flaumstore elvar her i Vest
raserte mange heimar og hus.
Når ekstreme vergudar kjem som gjest,
går liv og draumar lett i grus.
Eg vonar det no vert teke initiativ
så offera kan byggja oppatt sine liv.
31.10.2014.M-m.

10 kommentarer
    1. Siv Svanem: Takk for responsen. Siden kommentarene glimret med sitt fravær denne gangen har jeg lurt på om jeg har bommet helt med tematikken, eller om jeg fører en litt for “snill” stil. Men, det blir slik at jeg kommenterer sakene som trigger meg, ettersom de dukker opp.
      Ha en fin helg…

    2. Nei, temaene er nok høyst aktuelle, og de setter i gang visse refleksjoner hos leseren. Takk for oktober-resymeet!
      Kona kom her med en glimrende ide; vi bør starte et nytt tidsskrift, og tittelen skal være “Vi over 80”. Vi havner snart i den klassen de fleste av oss, og du kan være redaktør. Var ikke det en god ide?
      Ha en strålende helg med Brann i tippeligaen!

    3. Pedro: Du har ei sabba kone Pedro. Den ideen skal me jamen prøve å utvikle. Det kunne verta eit motstykke til det som gjekk i ei eller anna osloavis på 60-talet som var kalla “News in shorts”. Me kunne vel kalla vår avis for “Mimreposten”.
      Du er sjølvskreven journalist og fotograf.
      Ha ei fin helg.

    4. Har du sett på makan,dette åndsverket har eg diverre gått glipp av. Etter å ha lest klagen din over manglande tilbakemeldingar, skunda eg meg inn på sida di og fann det, heldigvis. Som vanleg skriv du som ein ekte poet. Du bør samle dikta dine i ei bok og gje det til barneborna dine, dei vil setje pris på det etter ei stund. Min farfar skreiv sine minner frå barndommen, som me syns er særs kjekt lese no.

    5. Oldemorbloggen: Ja, det var kanskje ein ide du gav meg no. Eg har forresten eit par av “dikta” mine illustrert av eit av borneborna som driv med biletgrafikk. Kanskje det kjem på bloggen med tid og stunder…

    6. må bare si att innlegget gikk meg hus forbi,gode ord og godt oppdatert ,men når strikkepinnane går varmt er det lett å overse ei godt innlegg :))
      Du er godt oppdatert og mye har jeg ikke fått med meg før du skriver det ned :)) for meg blir det mer lettfattelig å lese nyhetene her hi hi

    7. fruensvilje:Jeg skrev innlegget for å lodde om det jeg skriver er helt utafor all interesse, for da må jeg enten holde opp, eller justere innholdet. Men nå forstår jeg av flere henvendelser at jeg kan dure i vei som før – så da blir det vel slik….

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg