Ode til høststormen…


Google

Svartvær.

Fy flate, kor han bles i dag.
Rundt nova fyk det av alle slag.
Campingstolar og parasollar
fer halslaust over tun og kollar.

Lauvet du raka saman i går
er no på flukt til naboen vår.
Og søplekassa har lagt seg flat.
Innhaldet vart brått nabokattemat.

Og det som ikkje for i katten
for same vegen som gamlehatten.
Over haug og hamar reiste han,
med gubben etter som ein rana mann.

Nede på sjøen gjekk han kvit.
Småbåtar vart kasta hit og dit.
Gubben laut sjekka korleis båten låg.
Berre baugen stakk opp,
det var alt han såg.

Hattelaus vende han nasen heim.
Han vørde snautt kjøkenes fårikåleim.
Utan hatt, og med båten under vatn
var einaste trøysta, foring av nabokatten.
25.10.2014.M-m.

6 kommentarer
    1. det hørtes neste litt verre ut enn her hos oss :)men det er ille ute i dag,litt forskjelligt ligg og driv ut på fjorden no og resten har mannen gått ned for å berge 🙂

    2. Vårherre fekk nok med seg diktet ditt frå i går. I dag ser eg han har redusert vindstyrken til laber bris. Men du finn sikkert inspirasjon i meteorologien framleis, ta fram sydvesten og gjer deg klar.

    3. Pedro: I dag var det såpass at eg fekk ein liten tur i nabolaget, men no er han i gong att, denne gongen med moderat vind.
      Så no har eg og katten teke kvar vår godstol, men me ligg ikkje og “mel” begge to.
      Ha ein poesifri dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg