Du store allverda….

For eit par dagar sidan lovde eg visst ein av bloggkontaktane mine at mitt neste blogginnlegg skulle verta av det meir lette slaget.

Google
Eg såg då sjølvsagt føre meg ei vakker haustsol som skulle senda sine restar av sumarsola ned over snauskallen til gubben. Då kunne han ta seg ein pensjonisttur i skogen med nevane på ryggen og sjå etter den siste traktkantarellen der ute.

Kanskje ville minna om dei flotte båtturane frå sumaren dukka fram att i minnet. Veret og natura synte seg jo frå adskilleg meir inspirerande sider då.
Og…

…når han fekk katten med seg i båten vart livet verd å nyta — kvart sekund.

Men kva hende då han såg ut glaset om morgonen, kva møtte auget hans då?

Jau, plenen utafor glaset  heldt no på med å svelja unna omlag dei 80 millimetera som hadde ramla ned over oss siste natta. Gubben dukka fort attende under dyna, samstundes som han såg for seg…

…ein Vårherre som glisande sleppte ned meir og meir vete samstundes som han tenkte, “No kan dei få betala for den varme og turre sumaren eg gav dei”.

Her i Bergen hadde nokon jamvel gløymt å ta med seg byvåpenet på dagens shoppingrunde, og det gjekk ikkje akkurat upåakta i veg.
Medan andre…

… sette seg beint ned og prøvde å mana fram litt opplette mellom bygene…
Men gubben og frua…

…pakka sine naudsynte “tøler” for ein tur kor det meir eller mindre var garantert nokre solstråler.
Så får berre paraplyen liggja heime og tørka til me er attende.

 

4 kommentarer
    1. hjelpes kor det regner hos dere da,her har det bare droplet litt sånn litt innimellom solstråler,men vi får vel vårt vi også en vakker dag :)høres ut som att dere flyr til varmere himmelstrøk igjen,ønsker dere en tørr og fin tur

    2. Ja, etter den søte kløe kommer den sure svie, eller en tørr og varm sommer kommer den våte sure årstiden. At regnet og alt vannet er en naturressurs, er ikke så lett å forstå når man strever med å holde nesen over vann. I dag ser jeg faktisk sola; et kjærkomment syn.
      Stå han av, og ha en fin helg!

    3. Pedro: Har du funnet sola trenger vel jeg ikke lete lenger. Det hadde vel heller ikke nyttet, for her suser vind og plasker regn i kraftige byger. MEN, me skal vel få ein dag i mårrå, me også.
      Grip solstråla så lenge ho er der. God helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg