No må nokon ta til vetet…

I kva for ein samanheng, spør du kanskje. Jau byens sitt kjære fotballag ser ut til å seia takk for seg i den øvste divisjonen. Brann Stadion, som skulle vera fotballaget sin vinnarbastion har dette året vore det stikk motsette. 10 – ti – tapte kampar på heimebana, og føtene langt nede i hengemyra (1. divisjon).


Google.

Årsaka til hengemyrtilværet.
Ja, det er sikkert fleire, men ein innleigd svenske med gullambisjonar må ta sin store del av misæren. Eg skreiv om det allereie på seinvåren, etter dei 5 – 6 første tapa at spelestil og formasjonar ikkje var i samsvar med det spelemateriellet trenaren hadde til disposisjon.
Tversoverspel framfor eigen 16-meter gjer ikkje susen når spelarane ikkje greier å halda på ballen. Uforståelege lagoppstillingar, innbyte under kamp og og merkjelege taktiske disposisjonar har ikkje nett gjeve meg og mange med meg tiltru til lagleiinga.

Spelarane har gjort så godt dei maktar, og dei er gode nok til å vinna kampar, men då må dei brukast på ein slik måte at dei får ut det beste i seg. Kva meining er det til dømes i at ein islandsk landskampspelar som er høgreback vert sett opp på venstresida når han for ein gongs skuld får spela kamp?

Nei, dette innlegget vart visst for dei spesielt interesserte og lokale, så eg får gje meg no. Eg vil berre seia til slutt at eg trur at det ville vera det beste for laget om svensken får returbilett etter sesongslutt, og at nye krefter får ta tak neste år om så gale skulle henda at Brann rykkjer ned ein divisjon. Spelarane vonar eg at laget får behalda.

Ha ein god bloggdag.

10 kommentarer
    1. fruensvilje: Ja, ikke sant. Av og til er det godt å tømme ut litt frustrasjon og oppgitthet. Fotball er engasjerende for noen, men det skulle være bare en lek. Ha en fin helg.

    2. Oldemorbloggen: Eg trur at du skjøner meir av dette enn du vil vedgå. Heilt enig, osterøyen er eit godt og velprøvd alternativ…God helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg