Hjelp dei…


Google.

Dette er ei sott som er ute av kontroll, det ser me tydeleg, men kva gjer me, og kva kan me gjera ?

Skremande.

No er det viktig å være seriøs.
Ein dødeleg virus har rive seg fri.
Ei verd står i ferd med å verta nervøs;
ingen veit kor farleg det kan bli.

Sjukdomen fører oftast til død.
Smittefåre tykkjes ute av kontroll.
Heile samfunn er i smittenød,
og livet der går i redsle og moll.

Ebola har råka den fattige verda,
med lite og dårleg støtteapparat.
Lite ressursar har dei på herda,
og verda si støtte står seint parat.

Kvar er Dei sameinte nasjonar?
Dei har vondt for å koma i gong.
Der går tida med planar og diskusjonar
medan sotten spreier seg utan pardong.

Korleis kan eg hjelpe, spør du deg gjerne.
Jau, me har friviljuge organisasjonar.
Der kan me utgjera ei støttekjerne,
gje dei litt av våre overskotsporsjonar.
12.10.2014.M-m.

Du kan vera med å gje ein liten skjerv til arbeidet med å få sjukdomen under kontroll.
Til dømes kan du heilt enkelt senda ein SMS til Røde kors.
Til.: 2272
I tekstfeltet.: EBOLA
Då renn det kr 200,- fra deg og til hjelpearbeidet.

Ha ein god dag.

4 kommentarer
    1. Når omfanget av katastrofa blir stort nok vil vaksineprodusentane koma på banen, men ikkje før det er pengar å henta. Får vona nokon åpnar pengesekken før de er for seint. Så får me håpa at dei innfødde sluttar å meska seg med flaggermus og anna svineri, så kanskje framtida blir litt tryggare for alle. Når vankunna ljoset gøymer blir resultatet heller skralt, men for all del, dei må få ha kulturen sin i fred.

    2. Pedro: Takk for at du gav oss kjelda til sviineriet, eg hadde faktisk gløymt flaggermusa. Me får vona at verda vaknar og tek ordentleg tak i problema. Vaksineindustrien mel sine eigne kaker så det hastar vel ikkje for dei å gje gass i utviklinga av vaksinar og medisinar. Dei kjem nok på banen når panikken som genererer etterspurnaden er høg nok. Då kan dei diktera prisen på medisinen.
      Ha ei roleg natt utan frykt…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg