Det er dags…

…for en liten upretensiøst månedssoversikt.
Denne måneden har jeg tatt for meg et par saker fra den lokale andedammen.
Først det faktum at de blå, etter først å ha tatt bort eiendomsskatten nå har bestemt seg for å gjeninnføre den. Snakk om å møte seg sjøl i døra.
Så har det vært bruduljer og kostbar rettsprosess ifm en oppsigelse ved Den Nationale Scene. Joda, her utøves det skuespilleri både på og utenfor scenen.


Google

September 2014.

Så har me teke september fatt
og torsken er no etande att.
Med r i månaden skal han vera best,
så no kan du førebu fersktorskefest.
Men er du kunde i findusfiskedisken
er han vel uviktig, den nytrekte fisken.

Monstermastrer, det laut me ha
om straumen skulle verta billeg og bra.
Sjøkabel gjekk slett ikkje an.
Det vart for dyrt for folk og land.
Men i dag, kva høyrer eg?
Med kabel over Nordsjøen legg dei i veg.

Kva no med demonstrantane våre,
dei ropte og song til halsane vart såre.
Dei fekk titusen kroner i bot,
for protesten mot eit monstermastblot.
Dei hadde då rett, det ser me nå.
Men pytt, kva gjer det, mastene får stå.

Nøye lyt du vera absolutt,
om du sender tilbod til «staten».
Utan påsleikt og forsegla konvolutt
kan du vinka farvel til kontrakten.
Dei har eit regelverk som avlar byråkrati.
For meg verkar det som regelrytteri.

Skal det byggjast tunell, veg eller bru
lyt planane undergå innfløkte prosessar.
Kvalitetssikring til både skrekk og gru,
full av kostesame og forseinkande finesser.
Men  pytt, staten bryr seg lite om prisen,
dei kan berre slakta bompengesparegrisen.

Så har Frp møtt seg sjølv i døra.
I Bergen har dei innførd eigendomsskatt,
også bompengar tyngjer politikarbøra.
så politikarbakken vart visst steinut og bratt.
Frå sjuande far i huset, partieigar Hagen
renn, som venta, «edder og galde» heile dagen.

I byen sin ærverdige teatersalong
spelar dei no eit underleg stykkje.
Ein tilsett vart sparka utan pardong,
det kosta teateret alt for mykje.
For teaterleiinga vart kjeft å få
då oppseiinga ikkje var lett å forstå.

Så spelte dei førebels siste akt
i teateret sin gamle foaje.
Teatersjefens make med orda i si makt
torpederte brutalt premierefestens fred.
Han høvla over ein avisredaktør,
hersketeknikken høyrdes i nord og i sør.

Han Støre tenkjer ofte nytt,
no har kontantstøtta vorte så bra.
Men, AP-kvinnene kjende seg snytt,
kontantstøtte vil dei slett ikkje ha.
Nei, han Jonas lyt læra å spela på lag.
Partifornying er?kje gjort på ein dag.
30.09.2014.M-m.

6 kommentarer
    1. Bra! Du har fått med deg det meste og har evna til gi presise og poengterte kommentarar til månedens hovedoppslag!

    2. Her har du fått med både riksdekkande og meir lokale hendingar; godt framstilt som vanleg. Og så var det så godt å lesa ei heil side utan orddelingsfeil. Men i dag er det vanskeleg å samla tankane om anna enn OL-avgjerda i Høgre/Høire, spesielt etter at OL-pampane krev eiga fil på vegane.
      Ha ein fin oktoberdag!

    3. Pedro: Eiga fil, ja då er ei samanlikning med Putin heilt relevant, for det er nett det han har der borte i Moskva. Den filen har eg sjølv sett der borte.
      Elles vonar eg at Høgre landar på rett side i OL-avgjerda i dag, det vil seia..:NEI!
      Me lever i spaning…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg