Konsulenten…

For mange av dei som har jobba som konsulent er kan hende denne anekdoten kjend..


Google

Konsulenten.

Stolt traska han rundt i hønsegarden,
og passa på alle hønene sine.
Kom der ein kjukling så var han faren
.
Ja, i flokken var der mang ei konkubine.

Han nytte livet som kongen på haugen,
og fråtsa dagleg i haremet sitt.
Men brått, såg han skotet framføre baugen.
Alderen tok han, litt etter litt.

Ein framfusen unghane var populær,
og høneflokken samla seg rundt.
Gamlehanen vart vel for treg og sær
Høneflokken var han?kje lenger forunt.

Men med mangeårig røynsle frå sin hønsegard
vart hans framtid meir og meir openbar.
Når ein ikkje lenger er kompetent
lyt ein ta til takke med eit liv som konsulent.
29.09.2014.M-m.


Google.

Ha ein fin dag.

9 kommentarer
    1. fruensvilje: Ja, og konsulentvirksomhet kan være så mangt. Det seies litt ondskapsfullt at en konsulent er en person som vet hvordan en oppgave kan løses, men han er ikke i stand til å utføre jobben selv.

    2. Ja, det er godt å fleipe med slikt. Har vært spesialkonsulent i 12 år nå. Men slutter til nyttår. Blir da pensjonist, og trekker meg tilbake fra alle konsulentoppdragene. Kanskje greit når en har fylt 65?

    3. Broder’n i øst: Jaja, du har forhåpentligvis ikke hatt en hønsegård å forholde deg til, men pensjonisttilværelsen er ikke å forakte en heller. Det kan jeg med relevant erfaring bekrefte.

    4. Stakkars dykk hanekarar, som fell ltt i frå
      men me hønekåner tenkjer då ikkje på
      å forlate dykk av den grund
      me blir hos dykk til siste stund
      Og ikkje er det så mange unghanar
      som lysteleg på oss glanar.

    5. Der fikk tittelen Seniorkonsulent ny meining. Lurer på om det ikkje var det som stod på mitt visittkort ein gong i tida. Ja, ja, alt til si tid. Men fylkesmannen meiner likevel at kvar mann skal ha si høne. Det vert likast slik.
      Ha ei fin arbeidsveke/pensjonistveke!

    6. Oldemorbloggen: Eg torer ikkje å rima eit svar – det hadde kanskje vorte i sterkaste laget. Inspirasjonen til rimet mitt kom frå det fyrste tida mi som konsulent i databransjen. Då vart me av og til erta med denne “vitsen”.
      Men så har vel utviklinga gått slik at rimet etterkvart kom til å høva betre…

    7. Pedro: Jaja, me er vel mange som står i køen bak den gamle hanen etterkvart, og fylkesmannen kunne vel ha hatt bruk for ei som kakla han noko i øyra når han tok av som verst med bergenspolitikarane.
      Ha ein vakker haustdag i heimen.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg