Sopptid…

Bloggen gav meg i dag inspirasjon til å skriva ned eit lite rim.
Om nokon skulle kjenna seg att i funderiene mine, er det slett ikkje tilsikta.

Soppsaus.

Dette var ikkje dagen til å sova;
sola skein då gubben kom ned i stova.
Nei, i dag ville han til fjells,
og turen laut vara heilt til kvelds.
Han ville ha frua med på tur,
lokka med fuglesong og fossedur.
Men då var det at frua sa stopp.
I dag ville ho ut og plukka sopp.
I skogen lokkar den gule kantarellen,
og korga var fylt alt tidleg på kvelden.
Korleis vart dagen for han som for på fjellet.
Jau, velsmakande buffet på turisthotellet.
No kan ho trega som ikkje vart med,
i dag skulle ho ha gjeve soppen fred.
22.08.2014.M-m.


6 kommentarer
    1. ja du får det til du,buffeen ville jeg ha vært med på det såg deilig ut :))samtidig var kantarellane flotte og ferskvare som må plukkast etterhvert :))får håpe dere begge hadde en god dag da

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg