Turtankar…

I dag fann eg ut at det var på tida å få rørt litt på ein litt skrøpeleg tidleghaustskrott.
Difor, på med skoa som utfordrar dørstokkmila, capsen som viser at han tilhøyrer ein Champignon, og apparatet som skal dokumentera turen.

Fyrst lyt eg finne ut kva veg eg skal ta i dag. Her er fleire alternativ, og eg valde midt på treet, ca 3,5 km. Det får jaggu ryggen tola i dag.
Langsmed kommunevegen kjem eg fyrst til eit lite vatn, og her står i framgrunnen ei “bøllegran”. Meir om det seinare.

Vatnet har også koloniar med vassliljer, men vårherre greidde å drukna dei sist veke då han kom med fleire titals millimeter med regn. Jaja, årstida var vel og med på den prosessen.

Så over til bølletrea, og da er det i fyrste rekkje sitkagrana det er snakk om. Ho formerer seg fortare enn kaniner og er til pest og plage mange stader, også her i Øygarden.
Visste de forresten at grana har fått navnet etter den 4. største byen i Alaska som heiter Sitka.
Ho kom til landet vårt for fleire hundre år sidan, men vart først seriøst planta ut på 1950-talet, sikkert velmeint og i god tru. Når me ser resultatet i dag er me ikkje like sikker på at denne skogplantinga var så lur.
Biletet viser ein bølleskogteig, og i framgrunnen ser de sjølvplanta avleggjarar.

Så går turen framom vassverket som dekkjer behovet til ein del av Øygarden. Det er eit av dei mest moderne i landet – og – vatnet er godt å drikka.

Små tjønner, som var turre for 14 dagar sidan ligg no og blenkjer i føremiddagsstilla.

Avblomstrande lyng fortel oss at hausten er etter oss. Landsskapet er vakkert, men høge straummastrer skjemmer opplevinga.
Det heiter seg at lina me ser her skal vera førebels, og vara i 15 år. Ja, me har ei førebels luksusavgift på biler som vart innført på 1920-talet. Me får sjå til at borneborna våre ser til at dei førebels byggverka vert borte att.

Han der gubben forføl meg heile tida…Dagens selfie, kanskje…

Så over til grusvegen, den representerer den finaste delen av turen. Den er eit positivt resultat av at ei oljeleidning som er lagd ved sida av vegen. De kan sjå skiltet som varslar om det litt il høgre på biletet.

Her er honningfangsten i full gong.

Sopptid, men eg veit ikkje om denne karen er etande.

Ein gamal fråflytt eigendom som ligg einsamt oppe i skogholtet.

På tide å tenkja på juletre, men du er vel kanskje av dei som har eit som ligg og samlar støv under senga, eller i garasjen? Sitkagrana er vel kan hende ikkje eit alternativ i alle fall.

Så, etter tre kvarter ser eg “home sweet home”, Turen er nesten over, men fyrst…


… må eg visa dykk ein gamal “skjeneflor”, eit uthus (litt nedsige) som er bygd under ein hiller rett ved huset vårt.
Det var brukt som hus for kyr på sumarbeite, og det var også nytta som smie under vegbyggjingstida her.
Det er sikkert over 100 år gamalt. Skal tru om ikkje arkeologane kunne finna noko av interesse her?

Vel, dette vart vel ein tur i lengste laget for bloggen, men for meg vart det litt nyttig og fin mosjon for så vel skrott som for tankar.
Ha ein fin dag…

6 kommentarer
    1. Dette var ein kjekk og avvekslande tur. Ryggondet var det verre med, eg har høyrt at jo høgare ein stig ute i skog og mark, jo betre får ryggen det. Elles har eg og høyrt at sitkagrana har fått oppreising frå det fæle ryktet sitt, men eg kan beint ikkje hugse kva for fordelar det var den hadde.

    2. Oldemorbloggen: Det har antakeleg noko med CO2-fangst å gjera, men her ute er sitkagrana bannlyst. Eg trur at dersom ho skal “dyrkast” må det vera under nøye kontroll, for spreiingsfåren er stor.

    3. dette var en nydelig tur i terreng jeg kan like :)trasigt med mastrane som skjemmer naturen ja,men vi har gjort oss avhengige av elektrisitet :)og det vil nok ta noen å å legge alt under jorden ha ha.
      Kvite sopper er skumle så dei passer best til kamera om en ikke er soppekspert da:)det finner mange giftige og dødlige sopper blandt dei kvite med skiver under,så slike sopper tar jeg ikke i med hendene i det hele tatt,ikke sopper med brune skiver under heller der er også svært giftige sopper som kan ende med døden.
      Tryggast er nok rørsoppane + kantarellane ja og piggsoppane da hi hi

    4. Der fekk eg eit nytt ord til mitt vokabular; skjeneflor. Og så fekk du vist oss litt av naturen rundt deg. All denne skogen må vel ha nokre positive sider også. Til dømes vindbrems, leplantinga gjev vel litt høgre temperatur, og ikkje minst varme i peis og badestamp. Kor mange sekker fekk du fyllt opp i sumar? Ha ei fin helg i blesten (eller kanskje de fer litt “Indian summer”).

    5. Pedro: Jau grana har positive sider, men då må ho stellast og barberast, og det vert ikkje gjort. Her på garden ser me ikkje nabohusa lengre, og det er ikkje bra, for då misser me oversikta over kva naboen har for seg.
      Men, ved har eg nok av, sikkert 60 – 70 sekker.
      Ha ei god helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg