Pampane greier seg under sjakk-OL også

Som mine bloggkontaktar sikkert kjenner til er eg ein sterk motstandar av OL i Oslo i 2022. Det er fleire grunnar til det, men den viktigaste er det kostbare pampeveldet rundt heile arrangementet.
Eg trudde, som den naivisten eg er, at sjakk-OL i Tromsø skulle vera fritt for pampekrav. Men nei, Bergens tidende i dag kunne lista opp krava til denne karen.

Google
Dette er sjakkpresident Iljumzjinov, angiveleg ein mangemilliardær.
Krava som er stilt rundt han i dette OL skal vera følgjande.:

– 6000 sveitsarfranc (ca 41.500,- NOK) i stipend (stakkars arme mann).
– Flyreiser på første klasse (må vite).
– Egen suite på valgfritt hotell (mannen må jo ha ein stad å bu)
– Bil med sjåfør til fri disp. (Jaja).
– Fritt val på hotellets restaurantar og romservice (Gjesten skal då ikkje svelte).
– Gratis lekjarkonsultasjonar og medisinar (det skulle berre mangle).
– Gratis tilgang, utan ventetid til generelle sportsaktivitetar (greitt nok).

BT skriv at mannen ofte spaserer rundt i gatene og skal visstnok ikkje han hatt noko luksusforbruk så langt.
Vel, kva og korleis han ter seg under OL i Tromsø vil eg ikkje ha noko meining om.

Det eg reagerer på er undertonen av pampane sitt luksusforbruk, og dette gjer seg ikke minst gjeldande i dei Heibergske komitear.
Der er det ikkje berre ein pamp som skal forast og underhaldast i 14 dagar men ei heil rad med “vippar”, og krava deira vil vera med på å binda store budsjettmidlar til så vel investering som til drift i år framover.

Vil me verkjeleg vera med på dette?

6 kommentarer
    1. Eg har no vore for Ol i Oslo, tenkte på så stas det var på Lillehammer. Me når eg ser opprekninga di om luksus her og luksus der og pampar både her og der, kjem eg i stuss Det var då ukristelege krav han hadde, mangemilliarderen, han burde skamma seg, men det har han vel ikkje skammavet til.

    2. Oldemorbloggen: Sjølve OL-tevlingane tykkjer eg er spanande og fargerike, og på Lillehammer vart det ein sann folkefest.
      Men etterkvart har eg kome til at det no meir og meir vert ei tevling om å visa fram kor flinke arrangørlanda er, og kor mykje pengar dei legg i arrangementa. Dette har kome tydelegast fram i dei to, tre siste OL. Det kan ikkje fortsetja slik, men å tru at Oslo/Noreg skal kunna arrangera OL innafor dei råmene som er lagde verkar det heilt utenkjeleg, med dei krava IOC set til avviklinga. Eg har lese gjennom store deler av kravspec-en deira og den er ikkje smålåten.
      Jaja, eg er nok framleis motstandar. Ha ein solfylt kveld…

    3. Er nok veldig enig med deg. Maken til pampevelde – trodde ikke det avr mulig. Det er nok litt for høy sigarføring og litt for lite bakkekontakt. For mye penger har ødelagt for idretten,

    4. Siv Svanem: Ja, ideen med OL er god, men den har fått utvikle seg til en pengemaskin for utvalgte, og nå er det stort sett bare land vi ikke ønsker å identifisere oss med som søker, og får tildelt OL. De benytter anledningen til å vise oss “gull og glitter” mens de skjuler baksidene av OL-medaljen (tildelingen)

    5. Vi kan synse og argumentere så mye vi bare orker, men nå har LO-dronninga tatt standpunkt (ikke OL-dronninga), og då er svaret gitt. DET BLIR OL I OSLO. Slik er det demokratur virker. Ha en stormfull og fin week-end

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg