“Ka e tiss”

En gammel og giktklein gubbe har toppa askøylista på bloggen to dagar på rad.

Google.

Har blogging gått heilt av moten? Det trudde eg berre galdt gamle gubbar.
Nei, det må finnast andre årsaker til at ein toppar hitlista. Ferietid kanskje, eller?

Medan eg er “på lufta”.:
Her i Øygarden går dagane med litt fisking og då snakkar me krabbe og makrell.
Når det gjeld makrellen bit han stundom betre enn isijassen i ryggen til gubben, som for tida pingsar rundt som det han er, nemleg ein gamal gubbe.
Krabben er av varierande kvalitet og ein del bør inntakast med sugerør.

Ja, så er det plenklippinga då. No etter regnver og varme kan ein mest sjå graset veksa, og når ein har ein plenklippar som held ein fart som tilsvarar lett jogging kan de nok lett sjå for dykk kallen i giktbrote trav etter den ekvipasjen! Men, klippinga vert unnagjort i en fei, og det same kan seiast om kallen som vert krakksett resten av dagen. Jaja, han vert friteken for indreteneste etter ei slik økt.

Bærplukkinga går i ein fei for der har me hatt så god hjelp av småfuglane at reinsking og sylting vert fort unnagjort. Forresten er det lett å knipa bærtjuvane, for det er så elskværdige at dei legg att visittkorta sine på terassemøblane. No er det rett før kjerringa skaffar seg ei hagle.

Som de skjøner går sumaren sin vante gong her ute. Stundom kjem det gjestar innom, og då får gubben seg gjerne ein is, og kanskje ein Heinecken. Festdag i heimen…
Jau, me gamle har det godt, berre me finn stokken nå gikta slær til som mest.

Fortsatt god sumar.

8 kommentarer
    1. Kanskje gubben topper lista fordi han skriver bra også:) Plenklipping,fiske, is og øl …
      høres sommerlig og fint ut. Ha en flott Søndag !

    2. Du skal ikkje setje ljoset ditt under ei skjeppe: Grunnen er heilt innlysande, det er for at du skriv knakande godt. Ps. eg òg nyt godt av den æra å liggje på toppen på Stordlista både tidt og ofte. Rektig nok er det ikkje andre tilårskomne som bloggar her, berre unge frøkener.

    3. Her legg bærtjuven att visittkort i form av fuleskit. Pådag nr.1 var ripsbæra nesten klar til plukking ,og på dag nr.2 var det berre skit etter staren att Så slepp me å tenka på sylting.
      Du veit vel kor den brune stripa i makrellen kjem frå.
      Nå er du vel så mørk i huda at du ville fått problem i innreisekontrollen, så du får halde deg i ro i landet nokre veker. Ja, det har vore ein velsigna sumar. Ha ein fin søndag!

    4. Oldemorbloggen: Me er vel i same båten då på bloggen, flest yngre også på Askøy. Men det er litt kjekt å kunna formidla tankar som gjev respons. Ha ein god søndag på Stord.

    5. Pedro: Brunstripa på makrellen har eg ikkje kjennskap til.
      Elles må ein vel seia at dette må ha vore den beste sumaren i manns minne, og den har vore nytt i fulle drag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg