19.06.2014

Ettersom det er ei stund sidan eg har vore innom bloggen med noko eigenprodusert tenkte eg at å omtala eit par tre saker som har vore i vinden denne veka kunne prova at eg framleis er i gong. Om ikkje kroppen heng heilt med alltid så vonar eg at deler av hovudet fungerer.

Fyrst og fremst vart eg vekt av kronprinsparet sitt val av privatskule, og noko av argumentasjonen deira for valet. Eg vil med ein gong seia at dei er fri til å gjera det valet dei vil.
Dei hevdar at ungane deira vil koma til å trenga spesiell kompetanse i engelsk. Då er sjølvsagt ikkje den norske ålmennskulen god nok, må vite. I det store og heile sender dei vel med valet sitt ut eit signal til det norske folket at det norske skulesystemet ikkje held mål. Er det eit bra signal å senda ut frå eit kongehus som gjev inntrykk av å vera svært så folkeleg? Eg berre spør.!
Eg trur at slike val som litt etter litt fjernar dei kongelege frå det folket dei er sett til å tene også lett vil kunna grava grunnen ut under royalistane og dermed også under kongehuset vårt.
Ein gamal royalist er i tenkeboksen…

Så må eg kommentera bybanesjauen i Bergen som sikkert har kosta mange politiske tårer og mykje sveitte. Det toppa seg denne veka med at byrådet vart sprengt.
Saka dreier seg om den nye bybanetraseen til Åsane (utafor byen) skal gå over Tyskebryggja eller i tunell. Alternativet tunell er vedteke.
Bryggja er, som ein kanskje kjenner til, sett på UNESCO’s verdsarvliste så mange meiner at ei bybane der vil redusera verdien av bydelen.
Men, så er spørsmålet. Skal me ha ein by kor delar av byen er eit museum samstundes som folk skal ha sitt liv og virke der, eller skal me ha ein bydel kor berre turistar i nokre korte sumarmånader frekventerer. Eg vil ha ein by kor heile byen lever heile året. Da må bybanen gå der folket er, og det er ikkje inne i fjellet.

6 kommentarer
    1. Eg ser at du er ein klok mann, med mange kloke tankar. Det er sikkert grunnar for at kronprinsparet tar ungane sine ut av folkeskulen, grunnar som dei kanskje ikkje har kome ut til folket med. Eg syns det er heilt ok det dei har gjort. Det du skriv om bybanen, er heilt rett. Det har lett for at deler av byen blir avfolka, når det ikkje er aktivitet der. Her på denne holmen eg bur, har dei, for mange år sidan, laga gågate i sentrum, og no er det nesten utdødd der. Det er blitt ei gate med frisørsalongar.

    2. Oldemorbloggen: Ja, slik har det mest gått med den gamle gågata i Bergen også. Som eg skreiv, dei er i sin fulle rett til å gjera det dei har gjort, men signaleffekten kan verta feil…

    3. Dei kongelege treng gode rådgjevarar, og det har det vel skorta på av og til. Kong Haakon synte vel godt gangsyn i dei fleste tilfelle, så der var vi heldige, Sidan er det vel enkelte avgjersler ein kan stille spørsmålstegn ved.
      Oslo og Bergen har vel mykje dei same problema. Det er vel og bra med godt miljø,,men kan vi leva av det. Ein stad må vi arbeide og bu, eller kanskje vi alle kan ha heimekontor. Det vert også litt stusseleg. God helg!.

    4. Pedro: At heimekontor er stusseleg kan eg skriva under på no etter at eg har praktisert det dei siste 10-15 åra, men bloggen hjelper. God midtsumarhelg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg